Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Multikunstnaren Amir Shaheen har i vår debutert med boka F*** ta hjernen min!. Tidlegare har han vore idéskapar til Netflix-serien Hjem til jul, og han har drive med standup.

Om F*** ta hjernen min! skriv forlaget:

[…] I denne boken tar han deg med på en uforglemmelig reise og forteller blant annet på en humoristisk måte hvordan det er å vokse opp som muslim i et vestlig land. Å finne sin plass med to så ulike kulturer er ikke alltid like lett.

Gjør deg klar til en sjelden leseopplevelse, og vi kan i alle fall love deg én ting: Denne boken er ikke kjedelig.

Desse lovnadane blir ikkje innfridde.

Rusk i systemet

F*** ta hjernen min! er ei samling med fleire korte forteljingar. Tempoet er høgt, frå ein augneblink til neste blir me kasta mellom ulike verder og idéar. Det er mykje absurditet og galskap. Religion og det å leva mellom to ulike kulturar er tema som er gjengangarar i boka.

Ein skulle kanskje tru at dette måtte bli ei fantastisk bok, men tru om att. Det er såpass mykje rusk i systemet at det berre er unntaksvis at det blir gøy. Eg slit med å forstå kva boka vil og kvifor ho blei skriven.

Kamuflert Siv Jensen

Det finst fleire morosame poeng og artige påfunn i boka, men dei forsvinn i rot og støy. Den fyrste forteljinga i boka er eit godt døme på det. Handlinga er som følgjer: Ein ung innvandrargut reiser tilbake i tid for å forføra det som er ein dårleg kamuflert versjon av Siv Jensen, håpet er at viss ho forelskar seg i han så kan kanskje dei politiske standpunkta hennar bli forandra.

Dette kunne vore ein gyllen moglegheit til å koma med skarp satire og samfunnskritikk, dessverre er det mest fokus på å forklara dei tekniske detaljane rundt tidsreising.

Forlagssvikt

Kvaliteten på boka er utan tvil ujamn. Og det finst døme på at forfattaren faktisk kan skriva betre. Forteljinga Tacofredag, til dømes, mora eg meg skikkeleg meg. Samfunnskritikken kjem tydeleg fram, og humoren er perfeksjonert. Dessverre er ikkje dette representativt for resten av boka.

Teksten lir under dårleg språk. Her verkar det som om forlaget og redaktørane har svikta. Eg kan ikkje tru at boka har vore gjennom ein språkvask. Ein korrekturlesar kunne vel ha retta opp i enkle og/å-feil.

Dei fleste forteljingane er skrivne i ein munnleg stil. Det kler for så vidt boka godt, men ofte blir det for mykje. Det er lite variasjon i ordval og syntaks, noko som gjer teksten vanskeleg å lesa. Fleire delar av boka er rett og slett slitsame å lesa. Setningane er altfor lange – det er for mange komma og for få punktum.

Eit originalt blikk

Etter å ha lese boka sit eg igjen med lite. Eg blei lova «en uforglemmelig reise», men det er nesten ingenting som har gjort inntrykk.

Eg håpar at Amir Shaheen har mot til å skriva endå ei til bok. Kreativitet og eit originalt blikk manglar han ikkje. Med litt meir trening, grundigare arbeid, ein stødig korrekturlesar  – og kanskje eit anna forlag (?) – kan dette bli bra. Eg ventar i spenning!


Anne Gunn Halvorsen (tv.) og Randi Fuglehaug vann Uprisen for ungdomsromanen «Arvingen». Foto: Agnete Brun, Aschehoug

Fakta

  • Tittel: F*** ta hjernen min!
  • Forfattar: Amir Shaheen
  • Forlag: Fair forlag
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Humor