Neste steg av gjenopninga av Noreg kjem neste torsdag. Då blir det mellom anna skjenking til midnatt utan matservering, og opning for grønt nivå i skulane.
NPK-NTB-Snorre Schjønberg
NPK-NTB-Snorre Schjønberg

Det varsla statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse fredag.

– Regjeringa meiner det er forsvarleg å gå vidare med gjenopninga. 27. mai går vi til trinn to, altså torsdag neste veke, seier Solberg.

Statsministeren understrekar at det er utbrot i enkeltkommunar som gjer at det vil vere strengare lokale reglar nokre stader.

– Det betyr at vi går inn i ein periode der det vil bli større forskjellar i smittevernreglane, seier Solberg.

Kan skjenkje utan matservering

Blant lettane som kjem, er at det omstridde kravet om matservering blir fjerna for utestader som serverer alkohol. Dei får òg ha ope til midnatt.

Det er likevel framleis krav til bordservering og éin meters avstand.

Det blir òg opna for grønt nivå i skular og barnehagar, dette må kommunane sjølv vurdere lokalt. Det blir i tillegg opna for meir fysisk undervisning på universitet og høgskular.

– Når regjeringa opnar opp Noreg, prioriterer vi barn og unge. Dei vil få mindre strenge tiltak enn dei vaksne. Trinn to betyr ein meir normal kvardag i mange barnehagar og skular, seier kunnskaps- og integreringsminister minister Guri Melby (V).

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

Fleire kan sjå barn og unge i aktivitet

For arrangement blir det ei grense på 100 personar innandørs for arrangement som samlar deltakarar under 20 år.

– Eg er glad for at vi no gjer det enklare for at barn og unge kan møtast og drive med aktivitetar. Det er ikkje eit krav at dei er frå same kommune, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

På offentlege innandørs arrangement for vaksne blir talet på personar som kan samlast utan faste plassar auka frå 10 til 50. I private samankomstar som ikkje skjer i heimen, hagar eller hytter, kan ein no vere 20 personar innandørs og 30 utandørs.

I private heimar blir tilrådinga endra for kor mange ein kan ha besøk av frå fem til ti, så lenge ein held éin meter avstand. Personar som blir rekna som beskytta, altså vaksinerte eller immune, skal ikkje reknast med.

LES OGSÅ: Utval: Regjeringa bør vurdere å flytte 18-25-åringar fram i vaksinekøen

Opnar for reiser umiddelbart

Varemesser og mellombelse marknader kan no òg halde ope og følgje same reglar som kjøpesenter, ikkje som arrangement.

Rådet om å unngå unødvendige innanlandsreiser blir fjerna, men statsministeren understrekar at det er viktig å ta forholdsreglar for ikkje å spreie smitte.

Rådet for innanlandsreiser er gjeldande umiddelbart.

Regjeringa opnar òg for meir bruk av massetesting i område der gjenopninga aukar risikoen for meir smitte, og vil ta i bruk private leverandørar.

– Vi ser for oss at det offentlege skal betale for dette, påpeikar Guri Melby.

Derfor opnar dei

Regjeringa har hatt tre viktige kriterium som har avgjort gjenopningstempoet: Smittesituasjon, status i vaksinasjonen og kapasitet i helsetenesta.

– Vi ser at talet på sjukehusinnleggingar går ned. Smittetala er stabile. 36 prosent av alle over 18 år er no vaksinerte med første dose. Vaksinasjonen går etter planen, seier statsminister Solberg.

– Vi kan no styrkje arbeidet med å få fart på Noreg igjen, seier ho.

Avgjerda om å gå til andre trinn er basert på tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. (©NPK)

ANNONSE