502 alvorlege ulykker med elsparkesykkel på tre år

Strengare reglar har ikkje ført til merkbart færre ulykker med elsparkesyklar. No vil legar ha påbod om hjelm.

NPK-NTB
Publisert

Reglane vart stramma inn i juni 2022.

Gjennom halvtanna år før innstramminga vart det registrert 279 alvorlege ulykker. I same tidsperiode etter innstramminga, er talet 223 alvorlege ulykker, skriv Stavanger Aftenblad.

Berre 56 av dei skadde brukte hjelm.

Vil ha hjelmpåbod

Legar ved Stavanger universitetssjukehus krev endå strengare reglar, inkludert hjelmpåbod for alle. Dei viser til at mange av pasientane pådreg seg hovud- og ansiktsskadar.

– Belastninga på helsevesenet er like stor som før. Ein del av pasientane som kjem til traumemottaket, har også ganske høg promille, seier traumekoordinator Kjell Tjosevik ved Stavanger universitetssjukehus.

Motorvogn

Reglane vart skjerpa når det gjeld promillegrense, aldersgrense på 12 år, påbod om hjelm for barn under 15 år, og dessutan at det vart innført krav om forsikring for elsparkesykkel ein eig sjølv. Elsparkesykkel vart også klassifisert som motorvogn.

– Det er absurd at påbodet om hjelm berre gjeld barn under 15 år. Elsparkesykkelen vart klassifisert som motorvogn i 2022. Det må sjølvsagt vere påbode for alle, seier Tjosevik.

Olav Røise, fagleg leiar for Nasjonalt traumeregister ved Oslo universitetssjukehus, meiner det ikkje finst nokon rasjonelle grunnar for ikkje å påby hjelm.