Traktorar frå heile landet demonstrerte framfor Stortinget

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Traktorar frå heile landet rulla innover gatene i hovudstaden tysdag.

– Vi har møtt opp her i dag med sikte på å vise alvor. Situasjonen som landbruket no står i, er eit vegskilje, sa leiar Lars Petter Bartnes i Norsk Bondelag i ein appell framfor Stortinget.

Iherdige tut frå traktorhorna ljoma mellom bygga rundt Stortingsplassen medan Bartnes talte til dei frammøtte.

– Vi er sterkt bekymra for utviklinga. Norsk landbruk treng ei endring i ei anna retning, seier han, som understrekar at næringa treng eit betydeleg inntektsløft framover.

Leiar Lars Petter Bartnes i Norsk Bondelag heldt appell og understreka at norske bønder er sterkt bekymra for utviklinga til landbruket. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Brot i jordbruksoppgjeret

Torsdag vart det brot i årets jordbruksoppgjer. Bøndene har refsa tilbodet frå staten i oppgjeret, som var på rundt 900 millionar kroner. Det er langt unna kravet frå bøndene på 2,1 milliardar kroner.

Avstanden har skapt stor skuffelse i bondeorganisasjonane.

“Vi dyrker nye politikere” står det på ein plakat av landbruksminister Olaug Bollestad (KrF), statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Jan Tore Sanner (H). Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

John-Erik Skjellnes Johansen hadde køyrt lengst for delta i demonstrasjonen på tysdag. Johansen, som er styremedlem i Norges Bondelag, har unnagjort 100 mil heilt frå Dønna i Nordland.

– Det var langt, men det har vore heilt fantastisk å møte så mykje engasjement på vegen, seier han.

– Engasjementet gir meg yrkesstoltheit. Det gjer at eg kan stå her rakrygga med bondegenseren på meg her i dag og ta ein for laget, seier Johansen.


Jon Emil Kvidal frå Rissa har odel og vil inn i landbruket, men meiner løna er for dårleg. Foto: Privat