Canada har godkjent Pfizer-vaksinen for 12-15-åringar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie frå 10. mai vil Alberta-provinsen i Canada tilby koronavaksina til innbyggjarar frå 12 år og oppover, ifølgje The Guardian.

Forsøk med barn frå 6 månadar

Etter at koronavaksinene først vart testa ut og tilbydd til eldre, er det no stadig yngre aldersgrupper som står for tur.

I slutten av mars annonserte Pfizer at vaksinen deira hadde vist seg å vere hundre prosent effektiv etter andre dose i ei studie utført på 2,260 amerikanske prøvepersonar i aldersgruppa. Dei er òg i gang med utprøvingar på barn frå 6 månadar og oppover.

Canada har registrert over 1,2 millionar koronasmitta i løpet av pandemien, og ifølgje The Guardian er kring 20 prosent av desse yngre enn 19 år.

Onsdag denne veka vart Canada det første landet i verda som har godkjent bruk av koronavaksinen Pfizer/BioNTech til barn i alderen 12-15 år. Det er forventa at USA snart vil gjera det same.

Prosentdel av befolkninga som har fått minst ei dose koronavaksine:

 

 

Norske barn må vente til hausten

Onsdag skreiv NRK om foreldre som ynskjer fortgang i vaksinegodkjenning for alvorleg sjuke barn.

Overlege i Folkehelseinstituttet Preben Aavitsland seier til kanalen at dei følgjer utviklinga nærme, men at det i Noreg vil bli aktuelt først til hausten.

– Me veit framleis ikkje nøyaktig når slike vaksiner og godkjenningar eventuelt ligg føre. Når det skjer vil me vurdera om alle barn skal vaksinerast, barn med særlege sjukdommar eller hjå ingen barn. Her må me vege fordelar og ulemper, seier Aavitsland til NRK.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen