Amalie (13) strikkar på fritida: – Fleire born og unge burde hatt strikking som hobby

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior. Der kan du òg lesa om Marielle (13) som tok eit oppgjer med gutar som kallar jenter ting som «jævla hore».

Strikking passar for alle. Det er eigentleg veldig dumt at mange tenkjer på strikking og gamle damer, for det er ein gøy hobby, seier Amalie Aanestad Olsen.

Koronaåret 2020 har ført til at fleire vaksne har starta å strikka. Amalie skulle gjerne sett at det same skjedde hjå dei yngre.

– Mange fleire born og unge burde hatt strikking som hobby. Eg har ikkje mange vener som driv med med det. Det hadde vore så kjekt om me var fleire, slik at me kunne gjort det saman, seier ho.


Amalie sine tips til deg som vil læra å strikka:

  • Kom i gang og ikkje berre tenk på det.
  • Lær av andre som har strikka før. Det kan vera venner, foreldre, besteforeldre eller andre i livet ditt.
  • Bruk internett. Der kan du finna tips, triks og oppskrifter. På Youtube kan du læra deg alt du treng å vita om strikking, dersom du ikkje har nokon i nærleiken som kan læra deg.
  • Kjøp ulike typar garn, med ulike fargar. Det kan fort bli litt kjedeleg om du strikkar med den same fargen heile tida.
– Eg hadde ein periode der eg hadde eit veldig oppheng i å strikka luer. På nokre veker hadde eg strikka 10 stykke, seier Amalie Aanestad Olsen.

– Måtte tenkja alternativt

Amalie fortel at ho ikkje synest at det er noko rart at mange vaksne har starta med strikking no.

– 2020 var jo eit år der me ikkje kunne vera lika sosial som me pleier. Me skulle treffa færre folk, og då måtte me finna på andre ting enn det me normalt gjer.

For å ha noko å gjera, laga familien hennar hobby-kveldar heime.

– Me måtte tenkja alternativt. Derfor trur eg at det er blitt mykje meir populært å strikka no.

Men Amalie er ikkje ein av dei som starta med strikking grunna korona. Ho fortel at ho har strikka heilt sidan ho var seks år gamal.

Det lettaste prosjektet var gruteklutar. Det vanskelegaste har vore sokkar. Foto: Privat

Frå gryteklutar til sokkar

– Eg var på haustferie hjå mormor, og der skulle ho læra søskenbornet mitt å strikka. Eg syntest at det såg veldig gøy ut, så eg slang meg med.

Det gjekk ikkje lang tid før ho var i gong med sine eigne prosjekt. Pulsvarmarar og gryteklutar vart fort til meir avanserte prosjekt som sokkar og tøfler. Ho melde seg også inn i Ung Husflid, der dei mellom anna lærer å strikka, tova og veva.

– Etter at eg lærte det grunnleggjande av mormor, har eg fått hjelp av mamma og Ung Husflid, og så har eg lært masse triks på YouTube.

Turid Eik, som er instruktør hjå Ung Husflid i Kristiansand. Foto: Privat

Ung Husflid

– No for tida er det ikkje så mange som har foreldre som strikkar. Då eg var ung, såg me på mødrene våre. Slik er det ikkje lenger, men eg trur at me er inne i eit generasjonssskifte, som godt kan ha blitt påverka av korona-pandemien.

Det seier Turid Eik, som er instruktør hjå Ung Husflid i Kristiansand. Ho fortel at dei har fokus på garn, og at borna skal få skapa noko som er varig.

– Det lyser i augo på borna når dei har gjort noko ferdig. Dei er så stolte fordi dei har laga noko heilt sjølv.

– Ønskjer å skapa noko med hendene

På Ung Husflid lærer born og ungdom mellom anna å veva. Foto: privat

– Dei som er foreldre til dagens barn, har ikkje vore så veldig opptekne av strikking. Det handlar kanskje om at alle er så opptekne av det som er digitalt, og at me ikkje har tid.

Mykje heimetid det siste året, trur ho har fått vaksne til å ta fatt i strikkepinnane.

– Eg trur verkeleg at det ligg noko i oss som gjer at me gjerne ønskjer å skapa noko med hendene. Når du først startar med handarbeid, er erfaringa mi at tida går fort.

Ho anbefalar Ung Husflid til alle born som likar å vera kreative.

– Der kan ein møtast for impulsar og idear. Eg vil også anbefala å ta kontakt med bestemødre eller å sitja saman med ein vaksen.


Foto: Ingunn V. Steinsvåg/Norsk Målungdom