Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Etter mange år med sosiale medium og nettsurfing, så har boklesinga fått bank, skriv Stig Beite Løken i ein e-post.

Forfattaren, som til dagleg jobbar som rådgjevar i Rogaland fylkesbibliotek, medgjev at han les altfor lite.

Neste år feirar 37-åringen tiårsjubileum for debuten med novellesamlinga Det finnes ingenting mer livsbejaende enn å være mørkeredd. I desse dagar er han igjen bokaktuell med romanen Det finnes ingen andre verdener som handlar om Mathilde, som lever livet sitt i ei virtuell drømmeverd.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Akkurat no – Tomas Tranströmer, Samlede dikt.

Kva bøker les du helst?

Stort sett skjønnlitteratur.

Forfattar Stig Beite Løken kjem ikkje på ei bok som har gjort han sint.

Kor les du?

I senga, men dette har vist seg å vere mindre og mindre haldbart. Eg blir fort søvnig.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Eg hugsar ikkje.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg las mykje fantasy i tenåra, mellom anna Ringenes Herre. I tenåra las eg stort sett ikkje annan skjønnlitteratur og eg las i alle fall ikkje norsk samtidslitteratur (for keisamt).

Den italienske journalisten og forfattaren Italo Calvino sine historier fengjer Stig Beite Løken. Foto: Varie11

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Eg skulle ønskje eg hadde skrive dei fleste av utgjevingane til Italo Calvino.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Den må gripe merksemda mi og få meg til å føle noko. Det er ikkje viktig for meg at bøkene eg les får meg til å meine noko. Stort sett er det kjensler eg er interessert i. Det får meg nok til å høyrast litt fjollete ut, men det får så vere.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Mannen uten egenskaper.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Då ville eg invitert Proust til ein Fjordlandmiddag.

Stig Beite Løken ville invitert Marcel Proust på Fjordland-middag. Foto: Otto Wegener og Fjordland. Kollasj: Framtida.no

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Tor Ulven.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Det må bli DUNGEON OF DARKNESS, som eg skreiv då jeg var tenåring (rett nok aldri publisert).

Hovudpersonen er ein barsk, intelligent og vittig tenåringsgut. Handlinga dreidde seg om denne hovudpersonen som utforska ein mørk og dyster labyrint full av uhyre og skattar.

Hovudrolla skulle blitt spelt av Harvey Keitel.

Harvey Keitel (t.v) i storfilmen «The Irishman» på Netflix. Foto: Netflix

Han er i 80-åra og det blir ikkje gjort noko forsøk på å bruke digitale verkemiddel for å gjere han yngre. I staden blir det nytta ungdommelege rekvisittar (t.d. caps som blir brukt bak fram).

(OBS: Den oppdaterte lesar vil sjå at GIF-en sjølvsagt ikkje er Harvey Keitel, men skodespelarkollega Steve Buscemi.)


Sunniva Roligheten sykla til Gert Nygårdshaug for å gje han ei t-skjorte ho hadde brodert sjølv. Ho fortel at det var kring 40-50 kilometer å sykle ein veg, så det var eit litt slitsamt påfunn. Foto: Privat

Stig Beite Løken

  • Alder: 37
  • Frå: Stavanger
  • Utdanning: Litteraturvitskap
  • Yrke: Rådgjevar, Rogaland fylkesbibliotek
  • Kor mykje les du sjølv? Altfor lite.