Bokmelding «Skal du ikke gifte deg snart?»: – Tankevekkjande og tøff

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samfunnsdebattanten Nancy Herz er ikkje redd for å heva stemma si. Gong på gong har ho stått standhaftig i tøffe debattar og kjempa nådelaust mot skam og sosial kontroll. Ho er og leiar for Ungdommens ytringsfrihetsråd.

I 2017 gav ho ut boka Skamløs saman med Amina Bile og Sofia Nesrine Srour. Det var eit kraftig oppgjer med sosial kontroll og æreskultur. Og saman med Bile og Srour fekk Herz prisen Fritt Ords Honnør i 2017. Skamløs blei òg ein tv-serie hjå NRK.

Mor og dotter

No har Nancy Herz skrive boka Skal du ikke gifte deg snart?. Det er eit forsøk på å skapa ein dialog med mora hennar og å forstå korleis det er oppdra barn i eit framandt land.

Forholdet deira har ikkje alltid vore smertefritt, det har vore prega av ueinigheit og kranglar. Mykje grunnar i at dei lever liva sine i ein spagat mellom to kulturar – den norske og den libanesiske.

Boka består av transkriberte samtalar mellom Nancy Herz og mora, i tillegg til at Herz supplerer med kommentarar og bakgrunnsinfo.

No er tida for å snakka om dei temaa som dei aldri før har snakka om. Religion, skam, familie, kultur, sex, barn, identitet  – og ekteskap – er noko av det som samtalane handlar om. Dei lovar kvarandre å vera ærlege. Å utlevera seg sjølv på denne måten er modig gjort av båe to.

God innsikt, skjemmande skrivefeil

Det er ikkje tvil om at båe samtalepartnarane har gode evner til refleksjon. Dei tenkjer klart og forklar tydeleg kvifor dei meiner slik som dei gjer. Skal du ikke gifte deg snart? er ei bok skriven for å gje innsikt, og ho leverer. På ein tøff måte blir lesaren konfrontert med sine eigne fordommar og tvinga til å tenkja.

Sjølv om eg særs begeistra for denne boka, så er synest eg at ho burde vore arbeidd meir med før ho blei gjeven ut. Teksten er fleire stader hemma av dårleg språk, både lange og tunge setningar og litt for mange skrivefeil. Elles kunne nok boka med fordel vore kortare og meir spissa, ofte opplever eg at teksten er ufokusert og ikkje heilt veit kva han vil.

Men alt i alt, Skal du ikke gifte deg snart? er ei bok som er verd å lesa.

LES OGSÅ: Samfunnsdebattant Nancy Herz (24) om hetsen: – Tidkrevjande, energikrevjande og tappande

Nancy Herz skal leie det komande Ungdommens ytringsfrihetsråd. Foto: Privat

Fakta

  • Tittel: Skal du ikke gifte deg snart?
  • Forfattar: Nancy Herz
  • Forlag: Gyldendal
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Sakprosa