Natur og Ungdom: – Vanvittig store motorvegar vil ete opp klimagevinstane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Transportplanen prioriterer forureinande motorvegar framfor for togstrekningar, og prioriterer dei ikkje-unge. Det er jernbane som kjem til å gagna oss i framtida, ikkje monstervegane.

Det seier leiar i Natur og Ungdom, Therese Hugstmyr Woie, i ei pressemelding.

4-feltsveg og Hordfast

I dag la regjeringa fram Nasjonal Transportplan 2022-2033, som ifølgje Klimaplanen skal byggje opp under ambisjonen om utsleppshalvering i transportsektoren innan 2030.

Regjeringa vil bruke 400 milliardar kroner på jernbana dei neste tolv åra. Omlag 75 milliardar er brukt på Intercity-utbygginga av jernbanelinjer på Austlandet, og no har regjeringa sett av 50 nye milliardar.

Det imponerer ikkje Natur og Ungdom-leiaren.

– Når NTP kuttar dramatisk i intercity til fordel for unødvendig 4-feltsveg og Hordfast er det vi som veks opp no som får li, seier ho.

– Ikkje det nødvendige taktskiftet

–  Regjeringa si satsing på motorveg til milliardar framfor kollektivutbygging og tog er eit svik mot ungdom og klima, meiner Woie.

Ho meiner det er fint med meir pengar til kollektivsatsing i byområda og jernbane, men at det slett ikkje er nok.

– Dette er ikkje det nødvendige taktskiftet i samferdselspolitikken som stansar klimakrisa. Det blir framleis vanvittig store motorvegar som vil ete opp klimagevinstane av auka investeringar til kollektivtrafikk og jernbane, seier Woie.

Ho peikar på ein rapport som viser at regjeringa ikkje er i rute med løftet om 30 prosent overgang av gods frå veg til bane og sjø.

Distriktssatsing

Samferdselsminister Knut Arild Hareide meiner transportplanen sikrar distriktssatsinga. Det er Woie ueinig i.

– Regjeringa har fått det for seg at det er god distriktspolitikk å berre byggje meir og større veg gjennom distrikta. Dei bommar openbert på kor verdiane i heile landet ligg. Distriktet er ikkje der for at me skal ha noko fint å sjå på medan me køyrer mellom dei største byane, understrekar Woie.