Melby droppar erstatning for avlyste eksamenar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På grunn av koronapandemien bestemde regjeringa i februar å droppe eksamenar for ungdomsskulane og vidaregåande. Planen dei har hatt om ei erstatning for avlyste eksamenar blir no lagt bort, opplyser Melby til NRK.

– Vi hadde eit ønske om ei alternativ vurdering, men etter samtale med organisasjonane i Skule-Noreg vart ideen lagt bort, seier kunnskapsministeren.

– Vi har fått veldig tydelege tilbakemeldingar på at dei ikkje ønskjer noka nasjonal overstyring av korleis vurderingsarbeidet skal gå føre seg denne våren. Det vil vi derfor ikkje komme med, seier ho vidare.

Kunnskapsminister Guri Melby (V). Illustrasjonsfoto: Isaac Smith og foto: Mona Lindseth / Venstre