Bokmelding: «No fær huset: forteljingar»: – Historier som kryp under huda på deg

Elise Solvåg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nyaste boka til Laura Djupvik består av tolv forteljingar. Alle er ulike i språket, har vidt ulike forteljarar og ulike handlingar.

Forteljingane klarer å formidle ei lang rekke med kjensler, samstundes som det er ei samanhengande stemning i boka. Det er ei lengt i historiene, og ho vert både uttrykt og underspelt – som ein ettertanke.

Små scener frå liv

Innhaldet i historiene er alt frå ein ubehageleg ferietur, til eit kapittel i livet som forandra alt, frå ei uforklarleg hending hos ein nabo, til ein konsert.

Personane opplever på sett og vis moglegheiter, og anten vert dei tekne, eller så vert dei ikkje tekne.

Det er små scener frå liv som fyrst kan verke så enkle, men raskt byrjar ting å røre på seg og presse seg fram frå under overflata. Det kjennest ut som om alle personane ligg konstant på vippen, analyserer seg sjølv. Nokon prøver å argumentere for vala dei har tatt, andre angrar på dei vala dei ikkje tok. Konsekvensane av desse må personane vi møter leve vidare med, og dette går sakte opp for dei. I same tempo går det opp for oss som lesar òg, men vi ligg alltid bittelitt bak.

Hintande tekst

Djupvik kjem med små drypp av informasjon, og det heile verkar så henslengt gjort.

Teksten er full av hint og halvtenkte tankar, men det som manglar av reine ord blir likevel opplevd så openbert, og det er ingen tvil om at det ikkje er noko som helst tilfeldig ved teksten.

Ho skildrar ei sterk kjensle av einsemd og tap, og samstundes lengta etter båe noko som har vore og noko som kan kome til å hende.

Nokre av setningane til Djupvik er så rørande, så treffande.

Skremmande imponerande

Det er ikkje alle historiene som gir like mykje meining for underteikna, men eg trur det er eit pluss. Dette er historier som kryp under huda på deg.

Du les setningar du sjølv har tenkt, og nokon forklarer det du aldri heilt har klart å setje fingeren på. Det er like imponerande som det er skremmande, så eg trur det er like greitt at kvar lesar berre let seg bevege av halvparten. Eg kan ikkje sjå for meg ein lesar som ikkje let seg bevege i det heile.


Frå boka Forrådt i serien Dragens øye. Bilde: Egmont Kids Media