Dokumentaren «Generasjon Utøya» har premiere

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er filmskapar Aslaug Holm frå Smøla som har laga dokumentaren «Generasjon Utøya», der ho følger fire av ungdommane som overlevde terroren på Utøya 22. juli 2011.

Blant dei som er med i filmen, er Ina Libak frå Averøya og Line Hoem frå Kristiansund, skriv NRK.

Tidlegare AUF-Ina Libak og Line Hoem medverkar begge i dokumentarfilmen. Foto: Fenris film

«De fire ble alle dødelig såret, eller de så sine kjærester og venner bli henrettet. Felles for dem alle er at de er tvunget til å bearbeide det som skjedde og at de har alle valgt å jobbe aktivt videre for det de tror på. De kjemper ikke bare på vegne av seg selv, men på vegne av en hel ungdomsgenerasjon, og samtidig gir de håp til et helt land og folk», heiter det om filmen.

Dokumentarfilmfestivalen Human, som varer frå 1.-7. mars, er i år digital. Generasjon Utøya og alle dei andre filmane kan leigast via nettsidene til festivalen.


Dei tre ungdommane var sju år gamle då Noreg blei rysta av terroråtaka 22. juli 2011. Frå venstre: Maria Ulrichsen, Tomas Henden, Ellen Yingli Jørstad Sulebak. Foto: Rahman Chaudhry/Framtida