XR-aktivistar frikjende i retten etter skitur i Bogstadveien

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidleg i mars i fjor spende aksjonistar frå Extinction Rebellion på seg langrennsskia og gjekk opp Bogstadveien i Oslo. Målet var å rette søkjelyset på snøfattige vintrar, og dei kravde at regjeringa handlar for å stoppe klimakrisa.

Då dei tre skiløparane Anders Stai Fougner (27), Eskil Roll-Hansen (24) og Magne Nyberg (19) ikkje flytta seg til fortauet, som politiet bad dei om, vart dei arresterte.

Aksjonistane sat fire timar i politiarrest og vart ilagde ei bot på 13.000 kroner, som dei nekta å godta. No er dei frikjende i retten. 

Oslo tingrett: – Humoristisk lite opptog

Oslo tingrett fann at fire timar i politiarrest og ei bot av slikt omfang ikkje var eit forsvarleg eller forholdsmessig inngrep i dei tiltalte sin rett til forsamling- og demonstrasjonsfridom.

I dommen står det skrive at skigåinga bar preg av «et avslappet og humoristisk lite opptog» heller enn ein aggressiv og plagsam demonstrasjon.

Ifølgje retten synte bevisføringa ikkje at dei tre skiløparane på noko vis var kranglete, valdelege, bråkete eller på anna måte så forstyrrande at pågriping og inntaking til arrest framstod som ei naudsynt løysing på staden.

Foto: Extinction Rebellion Norge

Samstundes påpeiker dommen at skiløparane ikkje var til større sjenanse for trafikken enn det to-tre el-sparkesyklar er.

Forsvarar Carsten Smith Elgesem seier dei er nøgde med å få gjennomslag for synspunktet om at politiet sin samla reaksjon i dette tilfellet var uforholdsmessig, og meiner det er ein velgrunna og fornuftig dom:

– I eit demokratisk samfunn må ein akseptere at fredelege demonstrasjonar forårsakar mindre forstyrringar i dagleglivet, seier Smith Elgsem i ei pressemelding.


Tidlegare har Dag Kolstø vore støttemedlem i nokre av dei etablerte miljøorganisasjonane, men han har ikkje vore aktiv. – Eg mista trua når dei begynte å snakke om elektriske fly. Det er noko med å tru på den «teknofiksen», seier han. Foto: Ida Johanne Aadland