Bokmelding: «Sykt flink» – ein praktisk guide til korleis ein kan stå imot presset

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 12.03.2021 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Halse Kneppe er psykolog og journalist, og har tidlegare blant anna gitt ut boka I hodet på en tenåring – hva trenger ungdom fra foreldrene? (2019).

No er han ute med ei ny bok retta mot unge, basert på nokre av erfaringane og tankane han har delt med alle dei «sykt» flinke, unge menneska han har møtt i løpet av karrieren.

Sykt flink – Hvis du alltid kan bli litt bedre, blir du aldri god nok er ei sjølvhjelpsbok med tips og triks til korleis ein kan leve bærekraftige liv.

Møtte meg sjølv i døra

Skal eg vera heilt ærleg kan eg ikkje fordra ordet «flink». Og ordet blir ikkje meir appellerande dersom ein bruker adjektiv som «sykt» for å forsterke det.

Samla sett, er «sykt flink» ein tittel eg for all del ikkje vil identifisere meg med. Men etter å ha lese eit par sider av denne boka møtte eg meg sjølv i døra.

Først då forstod eg at den er skrive for akkurat slike som meg. Og eg trur eg langt i frå er åleine om å vera i målgruppa.

Eit konstant jag

Det me «flinkisar» har til felles, er eit konstant jag etter å alltid forbetre oss. Det er ingenting galt med å vera flink i seg sjølv, og sjølvutvikling er noko alle burde ha i mente.

Problemet oppstår når det ein gjer aldri blir godt nok. For, som undertittelen på boka seier: «hvis du alltid kan bli litt bedre, blir du aldri god nok». Og for mange blir det å vera flink nettopp eit livsprosjekt – som igjen er med på å skape helsemessige utfordringar i større eller mindre grad.

Sykt flink er ein praktisk guide til korleis ein kan stå imot presset til å heile tida bli betre.

I tillegg til det er den både ein tankevekkjar og ein påminnar om at ein somme gongar burde stoppe opp og spørje seg sjølv om ein lever livet på ein berekraftig måte.

Varm og klok

Boka er skrive med ei varm og lett tone i tillegg til å ose av klokskap frå ein forfattar med mange år i bransjen. Vidare, er den kort og lettlesen, noko forfattaren fortel er intensjonen for å treffe målgruppa av flinke folk som garantert ikkje tek seg tida til å lese bøker for gøy.

Halse Kleppe avsluttar føreordet med:

«Jeg begynte å skrive denne boka til ungdommen, men en rar og litt sår ting med å skrive om temaet har for meg vært å oppdage at mange av rådene jeg gir, fremdeles og like gjerne kunne ha blitt gitt til meg selv».

I lys av sitatet trur eg dette er ei bok alle har godt av å lese, anten du slit med å vera «flinkis» sjølv – eller det pregar livet til ein av dine næraste.

Sjølv om målgruppa er unge, vil eg likevel også tilrå den til eldre, då det aldri er for seint å lære.


Les også: Bokmelding: Skjermhjernen – ei bok alle burde lese og ta lærdom frå

Anders Hansen er utdanna lege ved Karolinska Institutet og siviløkonom ved Handelshögskolan i Stockholm. Han jobbar som overlege i psykiatri, har skrive fleire bøker og held føredrag. Foto: Cappelen Damm

Sykt flink – Hvis du alltid kan bli litt bedre, blir du aldri god nok

Forfattar: Lars Halse Kneppe

Utgitt: 2021

Sjanger: Sjølvutvikling og helse

Forlag: Cappelen Damm

Sider: 128