Bokmelding av «Lyden av to hender»: – Ei meir velskriven bok skal ein sjå langt etter

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lyden av to hender handlar om Lotte og Jákob. Lotte er student ved eit musikkkonservatorium i Wien, og Jákob var pianolæraren hennar medan ho enno budde i Noreg.

Frå Wien til Noreg

Boka opnar med at konservatoriet skal velja ut ein elev til å spela den prestisjefulle vårkonserten. Alle forventar at den utvalde kjem til å bli Lotte, men skulen vel heller Si Yun, ei jente som Lotte synest særs dårleg om.

Skuffa over at det ikkje er ho som skal spela vårkonserten reiser Lotte heim til Noreg. Planen er å bruka tida fram til ho skal returnera til Wien på å skriva ei oppgåve om Jákob, men det skal visa seg at han har nokre djupe hemmelegheiter.

Orda flyt som tonar

Boka Lyden av to hender er skriven av Sunniva Relling Berg. Ho har tre romanar for ungdom bak seg, og Lyden av to hender er hennar debut som vaksenbok-forfattar.

Det finst ikkje tvil om at Sunniva Relling Berg meistrar alle verkemidla litteraturen har å by på til fingerspissane.

Prosaen som ho skriv er fabelaktig. Ei meir velskriven bok skal ein sjå langt etter.

Forteljarstemma er distinkt og unik, og orda flyt bortover – nesten som tonar i eit vakkert musikkstykke. Det er rett og slett berre deilig å lesa denne boka.

Oppslukande frå fyrste stund

Over heile boka kviler det ei nydeleg stemning av mystikk.

Båe Lotte og Jákob er løyndomsfulle, medan ein les er det alltid noko ein berre døyr etter å få veta.

Det er tydeleg at forfattaren har stålkontroll på det ho driv med. Å leggje boka frå seg er vanskeleg, ho er oppslukande frå fyrste stund.

Når Lotte speler piano seier Jákob til ho: «Du må kjenne musikken inni deg». Noko liknande kunne nok òg vore sagt om det å skriva skjønnlitteratur, det må koma innanfrå.

Lyden av to hender er heldigvis ikkje noko dårleg forsøk på å stabla eit halvgodt romanplott på beina. Dette har ein gnist – det er ekte kunst!

Ei svakheit ved boka er at handlinga til tider kan vera førseieleg og litt enkel, der blir dessverre hinta for tydelege. Uansett er dei andre kvalitetane ved boka så sterke at det blir ein soleklar femmar på terningen.


Sunniva Relling Berg (i midten) fekk god hjelp av Mulki Mire Guled (22) og andre elevar til å skriva boka Polarnatt. Natnael Leake (18) synest boka er bra. Foto: Svein Olav B. Langåker