Fleire innvandrarar deltek i friluftsliv
Delen innvandrarar som går på tur har auka betrakteleg sidan 2017, viser tal frå SSB.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Norsk friluftsliv i ei pressemelding måndag.
Levekårsundersøkinga frå SSB viser at 45 prosent av innvandrarar oppgir at dei går éin til tre turar i månaden. Det er ein auke på 13 prosent frå 2017.
– Dette er verkeleg ei gladnyheit. Det å komme seg ut på tur er bra for både kroppen og hovudet, og gir ikkje minst mykje glede. I naturen er det òg enklare å komme i snakk med nordmenn, seier generalsekretær Bente Lier i Norsk Friluftsliv.
Tala viser òg at innvandrarar frå Asia, Afrika og Latin-Amerika og deler av Oseania går meir på ski enn tidlegare.
Det er spesielt kvinner frå dei nemnde områda som står for auken i skiaktivitet.
Les også: Friluftsliv er miljøversting: – Naturen har nærmast blitt eit moteshow