Regjeringas klimaplan blir utsett til over nyttår

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var beskjeden i eit brev klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) sende til Stortinget torsdag morgon.

– Vi har tidlegare varsla Stortinget om at han skulle komme i haust. Når vi ikkje klarer det, gir vi beskjed om det, seier statsråden til NTB.

Noreg har sett seg som mål å kutte klimautsleppa med 50–55 prosent frå 1990-nivå innan 2030. Klimaplanen skal beskrive kva som må til, for å nå målet.

Natur og Ungdom: – Allereie på etterskot

Natur og Ungdom meiner det er utruleg skuffande at klimaplanen ikkje kjem før til neste år.

– Vi meiner Noreg allereie er på etterskot med tiltaka vi må innføre og ei utsetjing av klimaplanen er det siste vi treng. For kvar månad som går så mister vi mogelegheita til å få mest mogeleg effekt av utsleppskutta vi gjer, seier leiar Therese Hugstmyr Woie i ei pressemelding.

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU

Woie peikar på at 2021 er det første året kor Noreg har eit utsleppsbudsjett frå EU, og at planen difor må vere klar.

– Regjeringa har varsla at dei vil legge opp til berre 45 % utsleppskutt i ikkje-kvotepliktig sektor i denne klimaplanen, og dette får ikkje Stortinget mogelegheit til å påverke før vi er inne i året, kor planen skal gjelde frå, seier Natur og Ungdom-leiaren.


Naja Amanda Lynge Møretrø (til venstre) er leiar av Changemaker sitt politiske utval for klima og miljø medan Matilde Angeltveit (til høgre) er 2. nestleiar i Changemaker. Foto: Privat Kollasj: Framtida.no