Bokmelding Ayotzinapa: I live da de tok dem: Viktig, men kaotisk teikneserie

Jannicke Totland rosar ideen om å fortelje den dramatiske historia om studentane som forsvann i Mexico i teikneserieformat.

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teikneserien Ayotzinapa: I live da de tok dem fortel historia om den massive tvangsforsvinninga av 43 lærarstudentar frå Ayotzinapa, Mexico, 26. september 2014.

Den grafiske romanen er ei gripande forteljing om kva konsekvensar forsvinningane får for dei pårørande, som i Ayotzinapa-saka har sett livet på vent for å finne familiemedlemmane sine att.

Framstillinga av den dramatiske hendinga viser også kor stor straffridomen i Mexico er, kor tett knyta kriminelle organisasjonar og myndigheiter arbeider, og skildrar kor utanforståande urfolk og fattige er i relasjon til majoriteten.

Kjenslelada, men truverdig

Ifølgje forlaget er forfattaren Andalusia K. Soloff ein uavhengig multimediejournalist som dekkjer saker som rører ved tema som kjønn, migrasjon og saker som har med landområde og sikkerheit å gjere. Med tanke på både form og innhald, går Ayotzinapa: I live da de tok dem inn under fleire av dei same kategoriane.

Multimediejournalist Andalusia K. Soloff (t.h) illustratørane Marco Parra (midten) og Anahi H. Galaviz for å fortelje historia om studentane som forsvann i Mexioco. Pressefoto: Camino Forlag

Der er inga tvil om at Soloff har gjort mykje for å få ein nærleik til saka, noko som skaper stor truverd til historia som blir fortalt. Det kjem blant anna fram i føreordet, der ho blant anna fortel om kjelde- og informasjonsarbeidet.

Føreordet har ein funksjon av å vera ein introduksjon til historia, noko som opplevast som svært nyttig dersom ein ikkje kan mykje om saka frå før av. Det ber preg av å vera kjensleladd, men det går ikkje ut over truverdet til forfattaren og står ikkje i vegen for det som blir formidla.

God idé prega av kaotisk presentasjon

I teikneserien er det mykje som skjer, og dersom ein ikkje kan mykje om saka frå før av kan ein fort bli forvirra. Kompleksiteten i saka gjer at eg stiller spørsmål ved om det heller burde bli brukt ei anna uttrykksform. Likevel er ideen god.

«Ayotzinapa: I live da de tok dem» er utgitt på norsk av Camino Forlag med støtte frå Latin-Amerikagruppene i Norge og Peace Brigades International (PBI). Illustrasjon: Camino Forlag

Vidare, utgjer føreordet av forfattaren og etterord av journalisten John Gibler ei god ramme for den grafiske framstillinga og er med på å gje teikneserien retning og ei samanfattande avslutting som skaper rom for vidare refleksjon.

Til tider noko utradisjonell plassering av tekstboksane blir opplevd som noko forvirrande for historieforteljinga. Det, i tillegg til nokre skrivefeil og at det kunne blitt gjort ein betre jobb med omsetjinga gjer at språket ikkje er det beste.

Overgangane kan òg vera litt rotete, noko som til tider gjer det vanskeleg å følgje med på kven avsendaren er. Likevel, går det ikkje utover formidlinga i stor grad om ein ser teikneserien i heilskap.

Skaper visse kring saka

Alt i alt verkar det ut som om at hovudmålet til forfattaren er å auke vissa kring saka som teikneserien portretterer. Etter mi vurdering er det noko Soloff får til i høg grad, trass i boka sine nokre skavankar.

Tilgjengelegheit som mål styrkjer òg valet av teikneserie som uttrykksform, noko som gjer den grafiske romanen tilgjengeleg til ei langt større målgruppe.

Etter mi meining får ideen full pott, og den har ei styrke av å vera verkelegheitstru og pedagogisk. Det, i tillegg til viktigheita av saka gjer at eg absolutt vil anbefale teikneserien til eldre ungdom og oppover.


Enok Groven likar best å teikna Donald Trump og Kim Jung-Un. Foto: Yang Yi, Elle Men China og fotomontasje

Fakta

Tittel: Ayotzinapa: I live da de tok dem

Forfattar: Andalusia K. Soloff, Marco Parra og Anahí H. Galaviz

Omsett frå spansk: Susanne Normann

År: 2020 

Forlag: Camino forlag

Sjanger: Teikneserie

Sider: 200