Bokmelding: «Dekameronen – 13 historier» – klassikar med parallellar til dagens pandemi

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Året er 1348 og ti ungdommar er på flukt frå svartedauden som herjar i Firenze. På norsk kan «Dekameronen» omsetjast til «dei ti dagane» og i ti dagar isolerer ungdommane seg i ein villa på landet. For å få tida til å gå fortel dei eventyr og skrøner, noko som dannar ramma for forteljinga.

Boka vart originalt gitt ut i 1353, berre eit par år etter at svartedauden herja i Europa. Originalt omfattar storverket 100 historier i tillegg Boccaccio sitt eige vitnesbyrd frå pesten i Firenze. Til saman utgjer dette rundt 1000 sider om tåpelege prestar, skarpe jenter, erotiske påfunn og smarte narrestrekar.

I Dekameronen – 13 historier er det plukka ut tolv av forteljingane i tillegg til Boccaccio sitt vitnesbyrd, som utgjer eit nytt og enda aktuelt utval – meir tilgjengelig enn nokon gong.

Aktuell den dag i dag

Det er overraskande mange parallellar mellom korleis svartedauden blir skildra og pandemien me står overfor i dag.

Det kjem særleg til syne i siste delen av boka, som er Boccaccio sitt vitnesbyrd frå pesten i Firenze. Dette gjeld særleg korleis folk reagerer på pandemien. Til dømes reagerer nokre med å bli forskrekka og gøymer seg vekk, medan andre hevda:

«at den sikraste lækjeråd mot slikt eit vonde, det var å drikke mykje og leve godt, gå omkring med song og leven, stette alle sine lyster, så godt det lét seg gjere, og gje seg ein god dag i alt som hende».

Parallellane i tillegg bruken av satire og samfunnskritikk er med på å bidra til at den nesten 700 år gamle klassikaren framleis er aktuell og treffer godt den dag i dag.

Personleg synes eg Magnus Ulleland si omsetjing frå 1969–1971, som utvalet er plukka frå, er glimrande. Det gjer at eg tenkjer at ei komprimert utgåve ikkje er naudsynt, då eg opplever den som noko avstumpa.

Likevel er det positivt at eit slikt utval bidrar til at klassikaren blir løfta fram og aktualisert på marknaden i tillegg til å gjere den tilgjengelig for folk flest.

Litteratur for særleg interesserte

For å seie det rett ut: Dekameronen kan ikkje samanliknast med ein kioskroman ein ikkje kan leggje frå seg. I alle fall ikkje med mindre du er særleg interessert. Likevel er det inga tvil om at klassikaren har hatt stor innverknad på verdslitteraturen. Det gjer òg grunnane til å lese den enda fleire.

Visste du til dømes at det blir rekna som ein av dei første novellesamlingane i europeisk tradisjon og har inspirert forfattarar som Margrete av Navarra, Geoffrey Chaucer og William Shakespeare? Les den du også, og kanskje du også blir inspirert!

I alle tilfelle er dette utvalet ein god start, men eg vil påstå at å sjå heile filmen er som regel morosamare enn traileren.

Odda-forfattar Frode Grytten (59)debuterte allereie i 1983 med diktsamlinga «Start» på Aschehoug. Det gamle biletet er portrettet som pryda innsida av omslaget. Foto: Linn Heidi Stokkedal/Samlaget og Hans Jørgen Brun/Aschehoug

Dekameronen – 13 historier

Forfattar: Giovanni Boccaccio 

Omsetjing: Magnus Ulleland

Utval: Jon Rognlien

År: 2020 

Forlag: Samlaget

Sjanger: Klassisk litteratur

Sider: 136