Åtte gode grunnar til å sjå Deaf U på Netflix

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OBS: Denne artikkelen inneheld plottblottarar. Om du ikkje vil vete meir, stopp her.

I den nye Netflix-dokumentaren Døveuniversitetet (Deaf U) følgjer me studentar på Gallaudet University i Washington D.C.

Universitetet vart etablert allereie i 1864 og er det einaste i verda som er fullt ut tilrettelagd for hørslehemma. Her samlast studentar frå heile USA (og fleire andre land) for å lære, vekse og feste, noko som er kjempegod tv.

Her kjem åtte grunnar til at du skal sluke dei åtte episodane på ein kveld:

Cheyenna si identitetsjakt

Cheyenna Clearbrook vaks opp i eit høyrande samfunn og opplever at ho ikkje er «døv nok» for døvesamfunnet, difor føler ho at ho fell mellom to stolar. Ho har ein populær YouTube-kanal som i stor grad appellerar til høyrande, medan fleire av medelevane hennar kritiserer ho for måten ho snakkar på.

I tillegg står 21-åringen frå Seattle i ei anna identitetskonflikt mellom sin kristne oppvekst og ungdomsmiljøet ho er ein del av. Som ho seier det sjølv: «Bibelen seier nei, men kroppen min seier ja».

Daequan si lengt etter familie

Daequan Taylor skil seg på mange måtar frå dei andre medelevane. Han høyrde fram til han var 6 år gamal, då han fekk eit illebefinnane som øydela høyrselen på eine øyret. Først mange år seinare «oppdaga» han at han var hørslehemma, noko mora stadfesta.

Men det som pregar Daequan mest er tapet av mora, som døydde då han var 14 år gamal. Den unge mannen slit framleis med dårleg samvit og lengtar etter å få ein eigen familie, etter tapet av sin eigen.

Når Daequan Taylor vitjar familien til Rodney Burford kjenner han seg heime, men fortel òg at han har sakna ein slik familie i oppveksten. Foto: Netflix

Renate Rose si openheit

Ein annan av karakterane verd å merke seg i Deaf U er Renate Rose. Renate er politisk aktiv og har funne ut at utvalet av jenter er mykje betre enn utvalet av gutar på skulen, men det er ikkje det som vert hennar viktigaste historie.

Renate Rose fortel om etterverknadane av vald i familien i dokumentarserien «Døveuniversitetet». Foto: netflix

Rose fortel ope om korleis det påverka ho å sjå faren utøve vald mot mora. Renate og mora flykta til eit krisesenter då ho var fem år, men Renate slit framleis med PTSD, stress, angst og depresjonar.

Til produksjonen fortel ho korleis ho kjempar mot å følgje i faren sine fotspor:

– Når eg blir sint eller frustrert får eg lyst til å bruke vald, men eg vil ikkje vere valdeleg.

Eliten og sladderet

Noko alle på Gallaudet er einige om er: døve likar å snakke. Det er eit lite miljø der rykta går fort.

På Gallaudet er elevane delt inn i «eliten» og «dei andre». Eliten har vekse opp i eit døvemiljø der dei har gått på skule og vakse opp saman. Nokre av elevane kjem frå familiar der dei har vore døve i fleire generasjonar. Desse har mykje makt i miljøet, noko dei ikkje legg skjul på.

Einkvar amerikansk college-film med respekt for seg sjølv har ei gruppe jenter du ikkje vil kødde med. På Gallaudet University har du eliten, som Tessa Lewis er ein del av. Foto: Netflix

Alexa sitt val

Alexa Pauley-Simmons er ei populær jente som vaks opp i «eliten», men ikkje finn heilt sin plass.

22 år gamal vart Alexa gravid med Daequan, noko ho mistenkjer var med vilje. Utover sesongen grev Alexa vidare i kva som skjedde før aborten, der ho sakna støtte frå Daequan. Historia deira gjev eit unikt innblikk i to ulike perspektiv og det er godt å sjå korleis Alexa kan vere open med foreldra sine, sjølv om ho kvir seg for å fortelje venene om det.

Alexa Paulay-Simmons og Daequan Taylor har mykje å snakka om i «Døveakademiet». Foto: Netflix

Alexa sine daddy issues

Alexa har eit nært og godt forhold til mor si, som ho kan snakka med om det meste. Faren, derimot, synest ho har vore emosjonelt utilgjengeleg.

– Vil daddy issues seie at eg datar gutar som ikkje lever opp til min standard? Om det er tilfelle så har eg daddy issues, seier Alexa, som konfronterar far sin etterkvart.

Alexa Paulay-Simmons datar Braxton, noko som får ho til å lura på om har «daddy issues». Foto: Netflix

Den smertefulle stilla

Tilbake til Cheyenna Clearbrook. Etterkvart kjem ei overraskande historie, som gjer at me forstår ho på ein annan måte. Cheyenna fortel nemleg om då ein mann som kjente familien misbrukte ho som åtteåring. Då ho møtte mannen igjen fleire år etterpå knakk ho saman og fortalde foreldra kva som skjedde.

– Foreldra mine synest det var fælt då eg sa det, men me tre snakkar ikkje om det. Det er feia under teppet. Eg håpar eg ein dag kan snakke med dei om det, og fortelje kva eg føler. Og kva dei føler, seier ho.

Cheyenna Clearbrook bryter stillheita og fortel om ei vond hending som har prega ho. Foto: Netflix

Folka og samfunnet

Persongalleriet på Gallaudet University er ei herleg blanding av unge amerikanarar frå ulike samfunnslag og med ulik tilknytning og innstilling til døvemiljøet i USA.

– Sidan døvesamfunnet er så lite, har me ikkje råd til å mista kulturen. Me må bevara språket. Du må ikkje gløyma at me er ein minoritet, seier Cheyenna sin bestevenn til ho.

For nokon er det mykje tryggleik og støtte å finne, medan andre likar seg midt mellom to verdenar og nokre vel å bryte ut.


Er du meir i amerikansk politikk-modus? Her er ni tv-seriar og filmar du bør sjå!

Frå venstre: Donald Trump i rolla som seg sjølv i Netflix-dokumentarserien «Trump: Den amerikanske drømmen», Julia Lois-Dreyfus i rolla som Selina Meyer i «Veep» og Alexandria Ocasio-Cortez i Netflix-dokumentaren «Kampen om Kongressen». Foto Netflix, HBO, Netflix