Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I debutromanen Etter hvert vil øynene venne seg til mørket skriv Bruno Jovanovic (29) om Damjan, ein veltrent ung norsk-bosnier, som er kjærast med Filip, og har eit komplisert forhold til mor si.

NRKs meldar Marta Norheim kalla Jovanovic for ein lovande debutant og Dagbladet trilla ein firar på terningen.

Me har teke ein kikk i bokhylla som forma forfattaren.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Eckhart Tolle – The Power of Now.

Desse bøkene fekk Bruno Jovanovic til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bøker les du helst?

Eg er alltid på leit etter bøker med homofile karakterar, eller homo tematikk.

Kor les du?

I senga eller på do.

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Disneybøker fra Disneyklubben.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

The Lovely Bones av Alice Sebold.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Eg skulle ynskje at eg hadde skrive opningssetninga til The Full Moon av Alice Sebold:

«When all is said and done, killing my mother came easily.»

Kva meiner du gjer ei bok god?

Ein hovudkarakter som får deg til å ynskje at dei var levande på ekte.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Vår fra Anatomi. Monotoni av Edy Poppy.

Forfattar Hanne Ørstavik (vil venstre) og Edy Poppy er hjarteleg velkomne på middag til Bruno Jovanovic. Foto: Foto: Baard Henriksen/Forlaget Oktober og Julie-Christine Krøvel/Gyldendal

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Hanne Ørstavik og Edy Poppy, om de les dette: Vil de kome på middag hjå meg?

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Hanne Ørstavik.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Basert på berre utsjånad kunne Michiel Huisman ha spilt Damjan.

Nederlandske Michiel Huisman i rolla som Daario Naharis i Game of Thrones. Foto: Macall B. Polay / HBO

Bruno Jovanovic

  • Alder: 29
  • Frå: Bosnia-Hercegovina
  • Utdanning: Tekstforfattar
  • Yrke: Lagermedarbeidar
  • Tal på lesne bøker i året: Kanskje 10-12, mest sannsynleg færre