Prins Sverre Magnus konfirmerast til helga: – Eit nytt kapittel i livet hans

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det blir veldig hyggjeleg, seier dronning Sonja til NTB om prins Sverre Magnus’ nært kommande konfirmasjon.

Laurdag skal 14-åringen «tre inn i rekkene til dei vaksne» og bli konfirmert under ei gudsteneste i Asker kyrkje. Spolar ein tilbake i tid, var det nettopp dronning Sonja som bar Sverre Magnus til dåpen.

– Besteforeldre blir jo alltid forundra over det, når barna veks og blir så store. Så det er jo eit nytt kapittel i livet hans, seier dronninga.

Gudstenesta startar klokka 16 laurdag ettermiddag og blir sendt direkte av NRK. På grunn av smittevern er det eit tak på 200 personar i Asker kyrkje, og prinsen har 16 gjester til stades i kyrkja.

Etter konfirmasjonen skal kongefamilien markere den store dagen med ein privat middag på Skaugum. På grunn av korona blir det berre ei mindre feiring med maks 20 gjester, opplyser Slottet.

Glad i å sykle

Prins Sverre Magnus vart fødd 3. desember 2005 på Rikshospitalet i Oslo og er den tredje i arverekkja til trona her i kongeriket, etter faren sin og søstera si.

Det var dronning Sonja som bar vesle prins Sverre Magnus til dåpen i 2006. Dåpen vart utført av dåverande biskop Ole Christian Kvarme. Foto: Knut Falch / NTB scanpix / NPK

Sidan 2014 har han gått på Montessoriskolen i Oslo, medan han tidlegare har gått i barnehage i Asker og på Jansløkka skule.

Prinsen er glad i å stå på ski, i første rekkje alpint. I tillegg likar han sykkel, spesielt BMX og cross, opplyser Slottet i biografien til prinsen. I 2017 brekte Sverre Magnus faktisk ankelen i ei sykkelulykke og måtte gå med gips og krykkjer i ei stund etterpå.

Prinsen er òg glad i vassport, og kanskje spesielt surfing – ei interesse han deler både med faren og resten av kronprinsfamilien.

Prins Sverre Magnus har ofte eit lurt smil på lager. Her under opninga av prinsesse Ingrid Alexandras Skulpturpark. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Skøyarstrekar

Opp gjennom åra har prins Sverre Magnus vore med på ei rekkje offisielle aktivitetar saman med resten av kronprinsfamilien og kongefamilien.

Han verkar ofte som ein glad gut med mykje energi, og gjerne med eit lurt smil på lager. Prinsen har òg fått merksemd ved å drive ablegøyer og skøyarstrekar.

I 2017 gjorde han ein såkalla «dab» på slottsbalkongen under 80-årsfeiringa til besteforeldra, noko som fekk brei dekning både i norske og internasjonale medium. Dabbing er ei danserørsle der ein tek hovudet ned i armkroken, samtidig som ein strekkjer ut den andre armen.

Same dag fann han òg på andre sprell på slottsbalkongen, som å vise teikn med fingrane, noko som til slutt førte til at kusina Leah Isadora Behn tilsynelatande bad han om å slutte å tulle.

Prinsen har fleire gonger vist seg som full av humør, og glad i lage ablegøyer. Her frå slottsbalkongen 17. mai 2016. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Gåvedryss

I fjor haust konfirmerte prinsesse Ingrid Alexandra seg. Tronarvingen fekk ein bunad frå Aust-Telemark i gåve frå kongeparet. Av regjeringa fekk ho eit naturreservat kalla opp etter seg – Prinsesseåsen naturreservat på Bygdøy, og av Stortinget fekk ho turutstyr.

Elles fekk prinsessa skred- og toppturkurs av politiet, surfekurs av fylkesmennene, turkopp av Sametinget og naturopplevingar av Oslo kommune. Ho fekk òg Noregs lover, tre bøker med LOs historie, fleire bibelutgåver og eit par smykke.

I fjor kunngjorde regjeringa gåva si i forkant av konfirmasjonen, men denne gongen held dei korta tettare til brystet:

– Regjeringa har kjøpt ei konfirmasjonsgåve til prinsen, men det er naturleg at prinsen sjølv er den første som får vite kva det er. Etter at han har fått ho, vil vi offentleggjere kva gåva er, seier kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse ved Statsministerens kontor til NTB.

________________________________________________________________________

Sokneprest Olav Johannes Oma døypte Eli Maria Marås. Foto: Svein Olav B. Langåker