Sommarbesøket ned 40 prosent ved DNTs betjente hytter
Fleire av dei betjente hyttene til DNT til Oslo og omegn går truleg i minus i år etter å ha hatt 40.000 færre gjester i sommar enn i ein normalsesong.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Denne sommaren har rundt 60.000 personar besøkt dei 21 betjente hyttene til DNT Oslo og Omegn – mot 100.000 i ein normal sommarsesong. Fleire turisthytter melder at det går mot underskot i år, seier dagleg leiar Henning Hoff Wikborg i lokallaget til Nationen.
For dei 65 sjølvbetjente hyttene er det omtrent same trend, med eit besøk i sommarmånadane på rundt 60 prosent av ein normalsesong.
Sjølv om det har vore stor pågang, har koronasituasjonen ført til avgrensingar i kor mange gjester turisthyttene kan ha av gongen.
- Les også: Éin av tre overnatta ute i sommar