Éin av tre overnatta ute i sommar
Mange nordmenn sov i telt, hengekøye eller under open himmel i sommar, ifølgje ei ny undersøking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I undersøkinga frå Ipsos svarer 34 prosent av dei spurde at dei overnatta ute i sommar. Det svarer til nær 1,5 millionar menneske, ifølgje organisasjonen Norsk Friluftsliv.
– Natur og friluftsliv er i vinden som aldri før. Dette er ikkje den første undersøkinga som tyder på at vi nordmenn rett og slett har fått skikkeleg frilufts-dilla, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.
Undersøkinga frå Ipsos er basert på 1.008 intervju med personar frå 15 år og oppover. Så barn som har overnatta ute, er ikkje medrekna.
________________________________________________________________________