«Dyret» av Heidi Furre: – Stor roman

Elise Solvåg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kanskje romanen kan forsterke eit ønske om å få barn?

Dyret av Heidi Furre er ein av dei såkalla «føderomanane» som kom i fjor haust, saman med eit knippe andre bøker. Ikkje har eg lest mange bøker om å vere gravid, og ikkje har eg vore det sjølv heller. Likevel trefte boka ei nerve i meg, og eg kan seie at dette er ein stor roman. Ikkje i fysisk forstand, for boka er ein lettvektar med sine cirka 150 sider, men ho inneheld så enormt mykje; ho krev å bli lese sakte og reflektert over ei stund før ein går vidare.

Ganske vanleg ungdom

Ei ung kvinne oppdagar at ho er gravid. Ho er i alle fall ung i vårt samfunn, men utgamal som fyrstegongsfødande i forhold til sine formødrer. Kvinna er ein ganske vanleg ungdom; ho har ei bachelor i kunsthistorie som har gitt henne ei karriere som evig vikar, ho bur i eit kollektiv med ei god venninne, og ho festar sin del. No er ho derimot gravid, og alt dette må ta slutt. Ho treng ei leilegheit saman med barnefaren, fast jobb for å få permisjonspengar, og ikkje minst må ho vite kva ho skal gjere som gravid, og som mor. I takt med den vaksande magen, prøver ho å finne fotfeste i det som skal bli ein ny kvardag.

Dette er absolutt ei bok om graviditet, men som sagt rommar den så utruleg så mykje meir. Det er mest ein roman om å vere kvinne, både historisk og i dagens samfunn, om kropp og seksualitet, og skamma som ofte er bunden til det. Tinga vi ikkje snakkar om i det daglege, temaa vi helst unngår, men som eg trur dei aller fleste jenter opplever. Vi følgjer i grunnen eit heilt kvinneliv frå ende til annan, fortalt gjennom hovudpersonens eigne minner, hennar von og redsler for den vesle jenta som skal kome, minner om mora og historier om bestemora og oldemora.

Det er mest ein roman om å vere kvinne, både historisk og i dagens samfunn, om kropp og seksualitet, og skamma som ofte er bunden til det.

Truverdig

Furre klarer å skape ein truverdig hovudperson, som ein (i alle fall som kvinne) kan kjenne seg att i frå fyrste side. Ho romantiserer ikkje på noko vis verken svangerskapet eller fødselen, men får like mykje fram dei vonde, ekle, rare kjenslene og oppdagingane som dei fine. Og sjølv om enkelte deler kan verke ganske brutale (om ein ikkje sjølv har opplevd graviditet), så er det mykje glede i romanen, og mykje kjærleik. Kanskje kan ein strekke seg så langt som å seie at romanen kan forsterke eit ønske om å få barn?

LES OGSÅ: Heidi Furre: – Ekstremt å vera ungdom