Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Petter Sveen (39) frå Fræna har vunne ei heil rekke med prisar for forfattarskapen sin, og er omsett til fleire ulike språk, som engelsk, fransk og kinesisk.

I haust gir han ut den sjette boka sin, Nordriket. Handlinga utspeler seg i ei fiktiv verd, der staten Nordriket vert angripe av den overlegne krigsmakta Føderasjonen, noko som leiar til ein geriljakrig der terror og religiøs ekstremisme veks fram.

Vi stilte den suksessrike forfattaren nokre spørsmål om bøkene han sjølv likar å lese.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Der ligg Bibelen, Anne Sexton sine samla dikt og antologien En eller to eller hundrevis av søstre, redigert av Amalie Kasin Lerstang.

Kva bøker les du helst?

Eg går etter tematikk, og unngår å bli tilrådd bøker – då les eg dei nesten aldri! Så har eg ei kasse med krimbøker til når eg blir sliten og står i fare for å sjå på skjerm.

Eg trudde det var eit mareritt eg hadde hatt som barn!

Kor les du?

Overalt der eg kan: stolar, benkar, bussar, t-baner, barar, senger.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

Far las ei novelle av Edgar Allan Poe, som eg først i vaksen alder forstod var noko han hadde lese for meg. Fram til då trudde eg det var eit mareritt eg hadde hatt som barn!

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Trøkk av Sapphire. Den boka gret eg mykje av. Og Over grensen av Cormac McCarthy. Det var første gong eg tenkte at dette språket her, det kan eg kjenne ut i fingertuppane.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Elskede av Toni Morrison. Eller kanskje heller Medusas flåte av Franzobel, den boka er ikkje perfekt, slik Elskede er, men ho er så vill og morosam, og Franzobel gjer så mykje bra der. Det er som om alle reglar er kasta ut av vindauget.

Toni Morrison. Foto: Wikimedia commons/Cc-by-sa-2.0

Kva meiner du gjer ei bok god?

At ho er tenkt godt og skrive godt.

Så kunne vi gått rett i baren etterpå og berre blitt sitjande der til morgonen

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

George i Om mus og menn av John Steinbeck.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Jorge Luis Borges eller Joyce Carol Oates. Då trur eg at eg ville lært mykje. Eventuelt ville eg ha ete middag med dei då dei var på min eigen alder, og så kunne vi gått rett i baren etterpå og berre blitt sitjande der til morgonen.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Philip Roth eller Joyce Carol Oates. Då ville eg aldri gått tom, og så ville eg fått lese både ekstremt gode bøker, og ikkje fullt så gode bøker, det trur eg er sunt.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Det veit eg ikkje, eg let det vere opp til regissøren. Og det skal vere Kathryn Bigelow eller Debra Granik.

Martine Næss Johansen (30) si nyaste bok handlar om ein road trip i Trumps USA. Her er ho i framgrunnen av eit utsnitt bokomslaget. Foto: Henning Gulli. Montasje: Framtida

Lars Petter Sveen

Alder: 39 år

Frå: Fræna i Romsdal

Utdanning: Bachelor i historie og bachelor i bibliotekfag

Yrke: Spesialbibliotekar

Kor mykje les du sjølv? Om lag 50 bøker i året