Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bokmelding: Slår i magen som ein knyttneve

Den amerikanske poeten Claudia Rankine har skrive lesestykket Det kvite kortet. Den korte boka handlar om korleis den kvite majoriteten og det svarte mindretalet kan oppleve verda forskjellig. Medan ein les brukar Rankine satire til å utfordre oss til å tenkje over korleis me behandlar folk med ei anna oppleving av verda enn det ein sjølv har.

Det kvite kortet er eit kammerspel og handlar om eit middagsselskap som det kvite ekteparet Charles og Virginia Spencer har invitert til. Dei er kunstsamlarar med ei spesiell interesse for verk som skildrar uretten og valden afroamerikanarane har vore utsette for. Gjestane i selskapet er den svarte kunstnaren Charlotte Cummings, kunsthandlaren Eric Schmidt og deira eigen son, Alex.

Charles og Virginia ønskjer å kjøpe det nyaste verket til Charlotte, men dei veit at ho er selektiv på kven som får kjøpe kunsten hennar. Selskapet vert ein ganske klein affære der alt Charles og Virginia tenkjer på er at dei skal vere politisk korrekte og framstå «woke».

Dei ulike personane i Det kvite kortet står milevis ifrå kvarandre politisk og intellektuelt, og det er liten evne til refleksjon og sjølvinnsikt. Er det eigentleg mogleg for dei å halde i gang ein fungerande samtale?

Aldri kjedeleg

Då eg las Det kvite kortet kjeda eg meg aldri. Dialogen verkar naturleg, men likevel tilfører kvar einaste replikk noko til stykket, og replikkar som inneheld humor, symbolikk eller tankevekkjarar kjem på rekkje og rad.

Det kvite kortet slår i magen som ein knyttneve, og skyr heller ikkje det som er vondt.

Det kvite kortet slår i magen som ein knyttneve, og skyr heller ikkje det som er vondt.

Av og til kan handlinga og karkaterane vere ubehageleg gjenkjennelege. Heldigvis går verda framover.

Det kvite kortet vart originalt utgjeven på engelsk i 2019 og handlinga er lagt til 2017. Når eg les setninga «Det er som ingen får auge på den kvite politimannen fordi det var ein svart mann som døydde» i 2020, etter drapet på George Floyd, trur eg at opplevinga mi er ganske annleis enn det Rankine tenkte.

Det kvite kortet er eit bevis på at det nyttar å setje rasisme på dagsorden.

Tvingar oss til oppgjer med fordommar

Eg synest at det er interessant å tenkje på at sjølv om Charles og Virginia er engasjerte og ønskjer å bidra i kampen mot rasisme så har den ikkje direkte konsekvensar for dei sjølve. Sonen Alex kritiserar foreldra for dobbeltmoral og berre å bruke kunstkjøpa til å stille seg sjølv i eit godt lys. «Kva er gale med å hjelpe til fordi det får ein til å føle seg bra?» spør Virginia.

Ein parodi på verda anno vår tid med kirurgisk presisjon

Eg er mektig imponert av Claudia Rankine. Det kvite kortet er ein parodi på verda anno vår tid med kirurgisk presisjon, og ho tvingar oss til å ta eit oppgjer med eigne fordommar og tenkje over våre privilegium.

Så alle saman: les denne boka!


Les forteljingane om den norske kvardagsrasismen: – Naboungane fekk streng beskjed om å ikkje leike med «pakkisene oppi gata», ein beskjed eg og min fem år gamle veslebror tydeleg høyrde.

Fakta

  • Det kvite kortet: eit skodespel i éi akt
  • Originaltittel: The White Card: A Play
  • Forfattar: Claudia Rankine
  • Forlag: Samlaget
  • Sider: 94
  • Utgitt: 2020
  • Omsetjarar: Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof