Jarl, guvernør, høvding og kanslar: her er forslaga til nytt namn for Fylkesmannen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fristen for både fylkesmenn og offentlegheita å komme med tips var 5. juli, skriv Vårt Land.

Namneforslaga Kommunal- og moderniseringsdepartementet reknar som dei mest aktuelle, kan grovt delast inn i tre grupper. Nokre av dei er historiske titlar, mellom dei guvernør, jarl, kanslar og høvding. Andre tek utgangspunkt i ordet «fylke», blant dei er fylkesråd og fylkesdirektør.

Tittelen «fylkesmann» skal snart vere like fasa ut som fylkesnamnet «Oppland», håper Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix / NPK

Til slutt er det ei gruppe namn som tek utgangspunkt at fylkesmannen er representant for staten – regiondirektør, statsdirektør og statsforvaltar.

Fylkesmennene har skrive eit brev til departementet med tilråding om at «fylke» ikkje bør vere ein del av det nye namnet, sidan fylkesmannen ofte blir blanda med fylkeskommunen. Fylkeskommunen er representant for interessene staten og befolkninga har til fylka.

Fylkesmennene åtvarar òg mot eit namneskifte som kan auke avstanden til embetet i folks medvit. Det kjem mellom anna av at regionreforma har redusert talet på fylkesmenn frå 17 til 10.

Les også kåseriet: Eit nytt namn til feminismen

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen (L-innsikt)