Dette er sommarens store trend
Tre av fire unge skal overnatte utandørs i sommar. Følgjer du trenden?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I sommar er friluftsliv og naturopplevingar populært. Nye tal frå Ipsos viser at fleire unge enn tidlegare planlegg å overnatte ute.
I ei undersøking utført av Ipsos for Norsk Friluftsliv seier 73 prosent av unge mellom 15 og 24 år at dei planlegg å sove ute i sommar. For befolkninga generelt er talet 46 prosent. Det skriv Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.
- Les også: Skal du på tur? Her er ti gode tur-appar
– Dette er ein positiv trend. Mykje tyder på at det å vere aktiv ute i naturen som ung aukar sjansen for at ein tek med seg dei gode vanar inn i vaksenlivet. Det er gull verd for helsa, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv i pressemeldinga.
Ta med bosset heim!
I utgangspunktet har alle som vil lov å setje opp telt i utmark, men det finst nokre reglar.
Ein må halde minimum 150 meter avstand til hus eller hytter. I tillegg minner Heimdal på prinsippet om sporlaus ferdsel i naturen.
– Rydd alltid teltplassen etter deg og ta med søppelet heim. Hugs at det kjem nokon etter deg, som også ønskjer å nyte naturen, seier Heimdal.
- Les også: Naturen har nærast blitt eit moteshow