Havørn på charterfly frå Trøndelag

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ti havørnungar er no sende med charterfly frå Trondheim til Irland for å hjelpe med å auke bestanden av havørn, skriv NRK.

I eit prosjekt som starta i 2007, har havørn frå Trøndelagskysten vorte send over til Irland for å hjelpe irane med å auke havørnbestanden.

Sjekk ut den irske presidenten og hans fantastiske hundar

Hundre havørnungar til Irland

Torgeir Nygård er til dagleg seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), og har vore koordinator for «hjelpearbeidet».

I ein periode over fire år frakta dei hundre havørnungar til øya. I dag har ein hekkebestand på i overkant av ti par, etablert seg i Irland. Og for første gong på over 100 år har ei irsk havørn hekka i år.

Påfyll av ungar etter fugleinfluensa

Prosjektet vart avslutta for fem år sidan, men no kjem det eit nytt havørnunge-påfyll frå Trøndelag. Grunnen til det er ein fugleinfluensa som sette den mest produktive ho-ørna ut av spel. Målet er å sende 50 havørnungar over gjennom dei neste tre åra.

Det blir alltid tatt fugl frå reir der det er tvillingar eller trillingar i reiret, for det skal alltid vere ein fuglunge igjen.

Katten Chester