Desse tre gutane gjenskapar Hollywood-filmar – no vert dei hylla verda over
Dei tre nigerianske gutane viser at ein ikkje treng det nyaste utstyret for å lukkast.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nigerianske Ikorodu Bois har teke verda med storm med sine kreative gjenskapingar av dyre musikkvideoar og storslegne Hollywood-trailarar.
Dei to brørne Muiz (15) og Malik Sanni (10) og søskenbarnet Fawas Aina (13) leverer like episke filmaugeblikk som Marvel-skodespelar Chris Hemsworth, og no vert det lagt merke til.
Inviterte på Hollywood-premiere
Etter at dei tre skodespelarspirane delte gjenskapinga av Netflix-filmen Extraction på Twitter vart klippet sett av filmskaparbrørne Anthony og Joseph Russo, som også har produsert filmen.
Dei rosa Ikorodu Bois for det imponerande arbeidet, og inviterte dei like greitt til Hollywood-premieren til den komande oppfølgjarfilmen:
This is awesome! We would love to have you guys at the #Extraction 2 premiere…DM us and we’ll get you there! https://t.co/6eufmJMgT7
— Russo Brothers (@Russo_Brothers) June 24, 2020
– Dette ville vore ein draum som vart verkeleg, og dette er dagen vi har venta på heile livet, svara Ikorodu Bois på Twitter.
Dei tre gutane har henta artistnamnet sitt frå heimstaden – dei bur nemleg i nabolaget Ikorodu i Lagos, Nigeria.
Grenselaus kreativitet
Bak kameraet står storebroren til Muiz og Malik, 23-åringen Babatunde Sanni.
Til CNN fortel Sanni at dei brukar alt frå 90 minutt til fleire veker på å lage dei mange videoklippa sine. Extraction-klippet tok ein heil månad å lage, då dei gjerne spelar inn same klippet fleire gongar for best mogeleg resultat.
Dei brukar berre pengar på rekvisittar om dei kan nyttast fleire gongar, og løyser heller utstyrsutfordringane på meir kreative måtar.
Luksusbilar vert bytt ut med ei trillebåre, dramatiske titlar som blinkar i filmsnuttar vert bytt ut med tusjskrift på papplater og bilkøar vert gjenskapte med leikebilar.
Dersom dei treng ein ekstra skodespelar eller to, så spør dei andre familiemedlemmar eller naboar.
– Vi vil få folk til å forstå at der ikkje er noko grense for kreativiteten, seier Sanni til CNN.
Til no har Ikorodu Bois samla heile 809.000 følgarar på Instagram og over 115.000 følgjarar på Twitter.
– Betre enn originalen
Klippet har heller ikkje gått hovudrolla i Extraction hus forbi. Chris Hemsworth delte klippet på Instagram-profilen sin og lovorda sat laust:
– Eg trur dykkar versjon kanskje er betre enn originalen, skreiv Hemsworth.
Dette er heller ikkje første gong gutane får merksemd for sine kreative videoar.
I byrjinga av april delte Will Smith gjenskapinga deira av eit klipp frå Bad Boys Forever, og skreiv til Bad Boys-makkar Martin Lawrence at dei no veit kven som kan vere stuntmenn til neste film.