Aker BP vurderer å trekkje seg ut frå Barentshavet

Etter dårlege leiteresultat i Barentshavet er Aker BP uvisse på om dei vil halde fram med aktivitetar i det omstridde området nord på sokkelen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Teknisk Ukeblad vil resultata frå dei komande boringane av leitebrønnar avgjere kva Aker BP bestemmer seg for.

– Barentshavet er ikkje eit satsingsområde for Aker BP. Vidare engasjement her avheng av resultat frå brønnar i 2020 og 2021, seier pressetalsmann Ole-Johan Faret i Aker BP.

Høg leiteaktivitet utan funn

Selskapet har hatt høg leiteaktivitet i Barentshavet i mange år, men utan å gjere drivverdige funn.

Boreplanane for neste år inkluder mellom anna brønnen Stangnestind i det omstridde området i Barentshavet Søraust, som Aker BP er operatør for.

Equinor har bora fire leitebrønnar i dette området, alle med negativt resultat.

Gina Gylver har illustrert satsinga for Natur og Ungdom. Skjermdump: Giftigelogner.no