Regjeringa vurderer å dekkje avbestilte reiser

Regjeringa vurderer tiltak dersom forbrukarar ikkje får igjen pengar ved eventuell konkurs hos charterselskap.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Charterselskapa må i desse dagane byrje å betale ut det kundane har til gode for reiser som er kansellerte, og det er venta at fleire aktørar raskt vil gå konkurs, skriv Dagens Næringsliv. Men det er ikkje sikkert Reisegarantifondet dekkjer kravet frå forbrukarane ved konkurs.

Derfor vil regjeringa vurdere å dekkje avbestilte reiser dersom mange reisande ikkje får dekt krava sine ved konkursen frå pakkereisearrangøren, seier næringsminister Iselin Nybø (V) til avisa.

æringsminister Iselin Nybø (V) seier regjeringa vurderer tiltak for å dekkje avbestilte reiser dersom pakkereiseselskap går konkurs. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

– Mange forbrukarar vil likevel kunne få tilbake pengane på andre måtar. Nokre risikerer å falle utanfor desse ordningane, men vi veit ikkje enno kor mange dette er, seier Nybø.

Norske forbrukarar kan ha over tre milliardar kroner uteståande for kansellerte reiser hos charterselskapa, ifølgje ei utrekning som hovudorganisasjonen Virke har gjort. Det gjeld for reiser som er kansellerte i tidsrommet frå koronakrisa slo inn i mars til og med 20. august.