– Vi ser gjerne film over FaceTime. Begge startar filmen samstundes – og så ser vi i lag, fortel Julie Marit.

Ho kjenner seg betre enkelte dagar, og gler seg til konfirmasjon neste år.

– Vi veit jo ikkje korleis framtida blir, men når eg snakkar med Christina er det som om vi begge gløymer at vi har ein sjukdom, seier Julie Marit.

Ine Kristiansen var berre tre år gamal då ho fekk blodkreft-diagnosen. No er ho 17 år og friskmeld, men slit framleis med seinskade. Foto: Privat