Lagar tåregass-is for å støtte Hongkong-protestane

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kjennest først vanskeleg å puste, og den er veldig skarp og irriterande. Den gjer at eg får lyst til å drikke mykje vatn med ein gong, fortel Anita Wong til nyheitsbyrået Associated Press, som først omtalte saka.

Ho smakar på ein ny isvariant i ein iskrembutikk i Hongkong. Hovudingrediensen er svarte pepperkorn, og som Wong også konstaterer, den smakar som tåregass.

– Ikkje mist lidenskapen

Iskremkunden Anita Wong har tidlegare delteke på masseprotestane i Hongkong og har sjølv vorte utsett for ein av dei 16.000 rundane med tåregass som styresmaktene i Hongkong seier har vorte avfyrte.

Wong fortel AP at isen minner ho på at ho ikkje må gløyme kor ilt det var. Det var også målet då iskremen var skapt:

– Vi ville lage ein smak som minner folk på at dei framleis må halde fram i protestrørsla og ikkje miste lidenskapen sin, seier den anonyme 31-årige butikkeigaren til AP.

Eigaren av iskrembutikken i Hongkong kravde å vere anonym, då han frykta følgjene om han stod fram. Foto: AP Photo

Dei store prostestane starta i juni i fjor, då demonstrantar tok til gatene i protest mot eit nytt lovforslag om personutlevering til Kina.

Protestane har vedvart sjølv etter lovforslaget vart kasta i oktober, og har vorte eit uttrykk for spenninga mellom prodemokrati-rørsla i regionen og den Beijing-vennlege regjeringa.

Iskremen er laga for å støtte prodemokrati-rørsla, som no freistar stable seg på føtene att etter koronakrisa.

Etter det massive utbrotet frå Mount St. Helens 18. mai 1980 leitar to amerikanske soldatar etter dei 68 som var sakna i området. Utbrotet tok 57 menneskeliv og er det dødelegaste i USA si historie. Foto: Austin Post, AP Photo/Gary Stewart