Iman Meskini, Musti og Hkeem skal feira id på NRK
Søndag inviterer NRK til «Festen etter fasten», der det vert urpremiere på Hkeem sin nye låt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Søndag 24. mai feirar muslimar verda over høgtida id eller eid, som markerer slutten på fastemånaden Ramadan.
Fordi Id al-fitr i år vert annleis på grunn av koronatiltak inviterer NRK til «Festen etter fasten».
– Mange i Noreg er nyfikne
NRK1-direktesendinga startar klokka 19.45 og skal leiast av nyheitsanker Rima Iraki. I tillegg vert det strøyma på nrk.no/alltidsammen.
– For dei som feirar denne dagen, så vil nok ting vere litt annleis i år på grunn av koronasituasjonen. Me håpar dette programmet kan bidra til ei kjensle av fellesskap – at me feirar saman. Og alle er sjølvsagt velkomne, seier Iraki i ei pressemelding frå NRK.
Ho lovar fest med god mat, nydeleg musikk, og fine og morosame møter med spanade gjester.
– Mange i Noreg er nyfikne på korleis norsk id vert markert. Kva et ein? Kva gjer ein? Gjev ein gåver? Spørsmåla er mange, og 24. mai kan alle som vil få eit innblikk i feiringa, seier Iraki.
Matbloggar, Svart Humor og urpremiere
Blant gjestene er komikar og programleiar i Svart Humor, Yousef Hadaoui og matbloggar Jamilla El Haddaoui.
Skodespelar Iman Meskini og ektemannen Mourad Jarrari kjem, det same gjer fotballspelar Anwar Elyounoussi, som skal fortelje korleis det er å faste som toppidrettsutøvar.
Dansar og Norske Talenter-dommar Mona Berntsen har laga ein dansekoreografi til sendinga, medan Hkeem bidreg med urpremiere på ei heilt ny låt.
Rapparen Musti og soulartisten Sofian skal også opptre.