Det er ikkje berre dei som jobba som motstandsmenn under andre verdskrigen som er veteranar. Over 100 000 soldatar i Noreg er veteranar.
Christian Gjerde
Christian Gjerde

Morten Kristoffersen (50) har tenestegjort som soldat to gongar for Noreg. Første gongen var i 1990-1991 då han var FN-soldat i Libanon. Dette gjorde han fordi FN ville ta kontroll over eit område mellom Israel og Libanon.

Andre gongen var i 1994-1995 under borgarkrigen i Bosnia.

– Sidan eg har vore ute på to oppdrag for Noreg, er eg ein veteran, fortel Morten.

SJØLV OM KRIGEN I LANDET ER OVER, ER DET IKKJE SIKKERT KRIGEN I HOVUDET TIL SOLDATEN ER OVER.

Ein person som har jobba for Noreg

Ein veteran er ein person som har hatt lang tentesteerfaring i krig og konfliktar for landet sitt. Ein som har reist på oppdrag for Noreg, eller som jobba som motstandsmann under andre verdskrigen her i Noreg.

Ein ny dag

Veterandagen er ikkje noko vi har hatt lenge her i Noreg.

– Då eg kom tilbake etter jobben eg gjorde i Bosnia var det ikkje noko som heitte veterandagen. Men regjeringa ville markere dette tydeligare og bakte det saman med frigjeringsdagen 8. mai.

– Dette er ein dag, ikkje berre for dei som risikerte livet sitt under andre verdskrigen, men også dei som har vore på oppdrag for Noreg i utlandet, fortel Morten.

Krig er aldri bra

Krig er aldri bra. Kvifor dreg ein då ut for å krige?

– Dette er eit vanskeleg spørsmål. Men eg tenker at når landet vårt bestemmer seg for å sende soldatar til andre land, så er det for å gjere livet betre for andre menneske, sier Morten.

Noreg er eit land langt mot nord. Men likevel har vi vore med på å sende soldatar ut i verda. Dette gjer ein for å stoppe konflikar, og for å skape fred.

– Eg synes det er ein bra ting at Noreg seier ja til å stille opp til det landet ein vert spurt om å stille opp til. Vi gjer det for å skape fred.

I krig er det mange som døyr. Land blir øydelagt. Liv går tapt. Krig er aldri moro, men desto viktigare er det å ha folk som jobbar for å skape fred.

– Ein har kanskje blitt kvitt eit problem når ein jobbar som soldat og stoppar krigen, men andre igjen har kanskje fått andre problem som har vorte større.

Derfor er det kanskje viktig med ein dag som veterandagen.

Vetrandagen er viktig

Det er mykje som skjer når ein er soldat. Ting ein ikkje kan førestille seg her heime i Noreg.

– Det er mykje av det som skjer i krigar som er heilt forferdelege. Det går ikkje an å førestille seg det. Ein ser andre sine lidingar. Ofte er soldatane unge menneske, som kjem til land der det skjer forferdelege ting, fortel Morten.

Derfor meiner veteranen, Morten Kristoffersen, at det er ein viktig dag.

– Mange soldatar får det forferdelig vondt etterpå. Mange kan slite med å ikkje kome over det dei har sett eller opplevd.

– Sjølv om krigen i landet er over, er det ikkje sikkert krigen i hovudet til soldaten er over. Derfor er det fint å ha ein dag der landet du har tenestegjort for set pris på jobben du har gjort, sier Morten Kristoffersen.

Saka er henta frå framtidajunior.no

Foto til venstre: Skjermdump frå Påskenøtter på NRK. Foto til venstre: Privat.
Oppdatert: fredag 8. mai 2020 19.11

LES OGSÅ

ANNONSE