Over 730.000 har lasta ned Smittestopp-appen – inkludert statsministeren sjølv

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag vart den nye appen Smittestopp, som er utvikla av Folkehelseinstituttet (FHI), lagt ut for både Android og iOS.

Appen skal gi styresmaktene informasjon om korleis smitteutbrotet utviklar seg. I tillegg skal brukaren kunne bli varsla dersom ein har vore i nærleiken av nokon som er smitta.

Folkehelseinstituttet håpar at minst 60 prosent av befolkinga lastar ned appen.

– Vi reknar med at det bør vere over halvparten for at det verkeleg skal monne, sa Camilla  Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet, på den torsdagens pressekonferanse om koronasituasjonen i Noreg.

Fredag morgon hadde 730.000 personar lasta ned appen Smittestopp, ifølgje NRK.

I ei undersøking frå Ipsos svarar over halvparten at dei truleg vil lasta den ned.

Skal lagra informasjon om kven du er i nærleiken av

Smittestopp-appen finst førebels berre på norsk, men han vil etter kvart komme på fleire språk. Skjermbilete frå appen.

Ved bruk av GPS- og Bluetooth-informasjon vil appen registrera kven du har vore i nærleiken av, dersom dei også har lasta ned appen.

Om du har vore i kontakt med nokon på nærare enn to meters avstand, i meir en 15 minutt, vert det rekna som nærkontakt.

Om ein av dykk har blitt stadfesta smitta, vil den andre kunne få SMS-varsel.

Du får ikkje vite kven du har vore i nærleiken av som er smitta, men du får vita kva dato det skjedde. Slik kan du også gjennom appen få beskjed om du må i karantene for å hindra vidare smittespreiing.

I tillegg til å varsla brukaren, skal informasjonen brukast for å hjelpe styresmaktene skjøne korleis tiltaka fungerer.

Dei anonyme dataane kan brukast til å sjå korleis folk beveger seg, kor mange dei møter og kva avstand ein har til andre.

– Slik vert det mogleg å følge betre med på om tiltaka mot koronaviruset virkar, og om dei smitta får fleire nærkontaktar etter kvart som samfunnet lettar på dei svært strenge restriksjonane, skriv FHI i ei pressemelding.

Solberg vil sjølv lasta ned appen

Erna Solberg (H) under Pressekonferanse for barn 15. april 2020. Foto: Eirin Larsen, SMK

Under pressekonferansen torsdag ettermiddag var smittespreiing og den nye appen hovudtemaet.

Statsminister Erna Solberg (H) sa mellom anna at ho sjølv vil lasta ned appen, og at ho har fått det godkjend av Politiets sikkerheitsteneste (PST). Ho håpar så mange som mogleg gjer det same.

– I dag ser vi ei digital løysing som vil vere eit steg på veg mot ein større fridom, seier Solberg.

Ho understreka likevel at det er frivillig, og trur at motstanden mot appen hadde blitt stor om det var tvang.

Samstundes får Smittestopp 16-årsgrense for å sikra at brukarane tek eit sjølvstendig val om å laste ned appen.

Motstand mot datalagring

Det er mange som har vore skeptiske til at appen samlar inn private data:

– Appen kan vere eit nyttig verktøy for å redde liv, men det er viktig at det er full openheit om kva data som vert samla inn og kva dei vert brukte til, sa Datatilsynet-direktør Bjørn Erik Thon til tilsynets nettsider, då appen vart vedteken i slutten av mars.

Smittestopp vil mellom anna lagra informasjon om mobilnummeret ditt, alder, kor du har vore, kva operativsystem du brukar og Bluetooth-data. Dette vil den sende inn i ein stor database der det blir lagra i 30 dagar før det vert sletta. Heile appen vert sletta i desember.

Informasjonen skal som hovudregel ikkje bli behandla av menneske, men maskinar.

Du kan når som helst slette dine personopplysingar i appen, og du kan også slette sjølve appen. I tillegg kan du kan sjølv velje om du vil skru av og på loggefunksjonar.

Høie: – Skal ikkje brukast til overvåking

Helseminister Bent Høie under pressekonferanse 18. mars 2020. Foto: Eirin Larsen, SMK

Statsminister Solberg understreka at dataa ikkje skal brukast til anna enn å spore og stoppe smitte.

Til NRK forsikrar helseminister Bent Høie (H) om at appen ikkje skal brukast til overvaking:

– Det er ingen som skal bruke personidentifiserbar informasjon, det er nokre få personar i Folkehelseinstituttet som bruker krypteringsnøkkelen. Eg har ikkje talet, men det er snakk om ein eller to personar som har krypteringsnøkkelen – men den skal ikkje bli brukt. Vi skal ikkje ha data på personnivå og den enkelte sine bevegelsar er ikkje interessant i denne samanhengen.

Regjeringa forsvarar at appen samlar inn så mykje privat informasjon, med at det kan gjere det lettare å sleppe opp på tiltaka dersom ein ser dei ikkje er nødvendige. Då kan samfunnet snarast koma meir tilbake til det normale.

– Vi vil gjere vedtak saktare og meir i mørke om vi ikkje har denne typen data, sa Solberg under pressekonferansen.

Testkommunar fram til mai

Dei første vekene vil appen samle informasjon og FHI vil byrja å teste varslingsfunksjon ved SMS i samarbeid med nokre kommunar.

Drammen kommune starta opp samarbeidet allereie torsdag 16. april, og der kan Smittestopp-brukarar no få SMS-varsel om dei har vore i nærleiken av nokon som er smitta.

Etter kvart gjer FHI eventuelle tilpassingar før dette vert innført i fleire kommunar. Samarbeidet med desse testkommunane skal sikra at treffsikkerheita blir betre og for å finne ut kva som eventuelt må utbetrast og korleis appen kan letta på manuell smittesporing.

Målet er at ein er klare til å automatisera varsel for alle i landet, i løpet av mai 2020.

Helsedirektør Bjørn Guldvog trur ikkje det er sannsynleg med større samlingar av folk i 2020. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK