Påsken startar med eit sjeldan ozonhol
Det er oppstått eit uvanleg stort hol i ozonlaget over Arktis. Vi må alle passe på huda, sjølv om ein ikkje er på fjellet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Georg Hansen er seniorforskar i avdeling for atmosfære og klima i Norsk institutt for luftforsking (NILU) Foto: NILU
– Ozonverdiane er veldig låge, seier seniorforskar Georg Hansen i avdeling for atmosfære og klima i Norsk institutt for luftforsking (NILU).
Dette er første gong vi har fått eit så stort hol i ozonlaget over Arktis.
Om det blir sol og fint vêr i påsken, blir den ultrafiolette strålinga like sterk som på sommaren. Derfor er det viktig å bruke solkrem når folk er utandørs, og spesielt om ein er i snøen eller på sjøen.
Via nettsida til NILU kan ein følgje med på varsla for UV-stråling. Her ser du kor sterk stråling det er rundt i landet, avhengig av skydekke og vêr.
Tilbake onsdag
Viss prognosane held stikk, vil ozonholet trekke seg tilbake onsdag midt i påsken. Då går det mot Arktis igjen, men vil framleis dekke Nord-Noreg.
Heilt sidan tysdag sist veke har det lege eit veldig tynt lag over delar av Noreg. Først kom holet i ozonlaget inn over delar av det nordlege Skandinavia, men fredag låg holet over Vestlandet og det meste av Noreg.
– Det er heilt uvanleg, seier seniorforskaren.
Kald luft
Normalt er det ozonhol berre over Antarktis, men i år har eit slikt hol òg danna seg over Arktis. I Arktis er det vanlegvis store vêrforandringar og ustabile luftlag. Men ein uvanleg lang periode med stabil og kald luft er blant årsakene til at holet har oppstått.
– Forskarane kastar seg no over det nye fenomenet, fortel han.
Samanhengen med klimaendringane er ein viktig del av det ekspertane skal undersøkje no.
Ballong sprekk
Ein måler ozon ved å sende lette instrument opp i lufta med ballongar. Undervegs sjekkar ein ozon, trykk, temperatur og fukt. Det skjer mellom anna i Ny-Ålesund på Svalbard. Ballongen stig oppover til 35 kilometers høgde før han sprekk.
Ozonet er naturleg gass som fordeler seg i atmosfæren rundt jorda. Det er solkremen til jorda.

Foto: Seniorforskar i NILU, Tove Svendby. Foto: Ingunn Trones, NILU
– Det dekkjer heile jordkloden i varierande tjukkleik og vernar, seier seniorforskar Tove Svendby i NILU.
Sprayboksar
Ho understrekar at det er trygt å gå utandørs sjølv om ozonlaget er litt tynt for tida. Ozonets solvern absorberer bølgjelengder på mellom 290 og 320 nanometer. Spekteret opp til 320 nanometer blir kalla UV-B. Det er denne strålinga som gjer at vi blir solbrent, og som blir verna med å bruke solkrem på huda.
Plantar og dyr kan bli skadd av denne strålinga.
Uavhengig av fenomenet ein ser i dag, er det veldig viktig at øydeleggjande stoff i mellom anna sprayboksar og kjøleskap, ikkje lenger er lov å bruke. Dette har stoppa ei vidare farleg nedbryting av ozonlaget.