Arrangørane av Norway Cup seier dei kan vente heilt til 20. juni før turneringa eventuelt må avlysast som følgje av situasjonen rundt koronaviruset.
NPK-NTB
NPK-NTB

I eit intervju med VG stadfestar Norway Cup-sjef Pål Trælvik at det ikkje hastar med å ta ei avgjerd rundt om turneringa kan gå som planlagt.

Pål Trælvik.

– Hadde cupen gått i dag, ville det ikkje komme på tale å arrangere Norway Cup. Men det er framleis 124 dagar igjen, og vi vil vente på så lenge som mogleg med å ta denne avgjerda. Det er rett og slett ikkje nødvendig å fatte ei avgjerd no, seier han til avisa.

Planlagt start 25. juli

2020-utgåva av fotballturneringa med hovudbase på Ekebergsletta startar 25. juli.

Fleire arrangement som blir haldne i same tidsrommet er allereie avlyste. Tysdag vart Landsskytterstevnet, som skal avvikslast i Elverum frå 7. til 14. august avlyst.

Berre norske deltakarar?

I Norway Cup-leiinga vel ein likevel å vente, samtidig som moglege konsekvensar av viruskrisa blir kartlagd.

– Vi får eventuelt diskutere om land utanfor Noreg kan inviterast, eller om det må bli eit reint norsk arrangement i år. 20. juni er absolutt siste frist. Då må vi fatte ei avgjerd, seier Trælvik.

Han opplyser at alle lag vil få refundert det dei har betalt ved ei avlysing.

Negative haldningar på utanfor banen inspirerer Isabelle Arthur (16) og lagvenninnene i Central California Soccer Alliance til å kjempa hardare. Foto: Andrea Nøttveit
Oppdatert: onsdag 25. mars 2020 08.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE