Forsking: Instagram gir meir treningsglede
Forskarar ved NTNU har testa korleis sosiale medium kan motivere til trening, og fann ein heilt klar effekt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Folk som følgde motiverande innlegg NTNU-forskarane la ut på Instagram, fekk meir treningsglede, skriv Gemini.no.
– Vi ville legge til rette for at folk skulle få ein god følelse for treninga, seier professor Frode Stenseng ved Institutt for pedagogikk og livslang læring ved NTNU.
Motiverande innlegg på Instagram
Han fortel at det er mykje følelsar knytt til trening. I prosjektet rekrutterte dei 500 deltakarar gjennom Facebook og andre medium over nett.
Forskarane kartla kor motiverte dei var og kor mykje dei trente, og deltakarane vart så delt i to grupper, der eine gruppa kunne følge instagramkontoen #dinmotivasjon der det vart lagt ut motiverande innlegg kvar tredje dag.
Større glede av å trene
Etter at forsøket var slutt hadde begge gruppene halde fram med å trene like mykje, men gruppa som følgde motivasjons-kontoen hadde mykje større glede av å trene.
– Vi vil vise korleis krafta til påverknad i sosiale medium kan vere positiv og brukast til å fremje folkehelsa framfor det motsette, seier førsteforfattar og klinisk psykolog Silje Berg til Gemini.no.
Les også: