Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boka startar med eit brøl. Det er 30. august 2019 og fleire tusen menneske på tvers av generasjonar, politiske tilhøyrsler og samfunnslag står samla føre Stortinget.

Blant folkemassen står forfattar Dag. O Hessen og mengda markerer at det er på høg tid å samle seg for å vise Noregs leiarar at det ikkje blir gjort i nærleiken nok for å nå målet om å halde oss under 1,5°C oppvarming.

Dag O. Hessen (f. 1956) er professor i biologi ved Universitetet i Oslo og leiar for Senter for biogeokjemi i Antropocen. I tillegg til dette har han skrive ei rekkje vitskapelege artiklar og har eit omfattande sakprosaforfattarskap. I boka ser han på det han peiker på som hovudutfordringane når det gjeld klima og miljø: det blir stadig mindre natur og stadig meir klimagassar.

«Hvor ille kan det bli?»

No er det brei politisk einigheit om at me er avhengige av å halde oss under 1,5 eller 2°C temperaturauke for å unngå farlege, sjølvforsterkande tilbakekoplingar i klimasystema. Men vil me klare å kommunisere dette på ein måte som skaper dei politiske, sosiale og teknologiske vippepunkta som skal til?

I forsøket på å svare på det er Hessen ein meister både når det kjem til språk og formidling. Han trekker ein fagleg tung tematikk ned på eit bakkeplan slik at det er mogleg å forstå for dei fleste.

Argumentasjonen er basert på oppdaterte tal og med unntak frå ein figur, har boka ingen kompliserte grafar eller modellar.

Undertittelen til boka spør: «Hvor ille kan det bli?» Klima og miljøomsyn står ofte opp mot kvarandre, noko som gjer at det ikkje er eit enkel spørsmål å svare på. Likevel, ved å blande miljøengasjement, naturvitskap og kritisk sans framfor skremselspropaganda, skaper han ein fin balanse.

Forbruksfokus

I drøftinga trekk han fram både positive og pessimistiske aspekt ved problematikken der han tør å setje ein peikefinger på kulturen. Her er han tydelig: om me skal vera i nærleiken av å nå måla i Parisavtalen må me gjera store omveltingar i livsførselen vår.

Det er flyreisene, det enorme forbruket vårt og kravet om økonomisk vekst som trugar tilværet. Menneskja står klemt mellom to stolar: talet på menneske, etterspørsel og forbruk har aldri vore større. Dette resulterer i eit omfattande tap av naturmangfald og auka klimagassutslepp. Me lev rett og slett over evne.

Høyere ambisjoner enn overlevelse på en skadeskutt klode

Sjølv om verken menneskja eller planeten vil «gå under» eller «kollapse», som det somme gongar blir sagt, må me som Hessen formulerer: «ha høyere ambisjoner enn overlevelse på en skadeskutt klode». Av den grunn held det ikkje lengre å seie «slapp av, dette kjem til å gå bra». Det finst inga enkel løysing, men me som enkeltmenneske, nasjon og menneskjeheit må gjere meir, og me må gjere det raskare.

Sakleg, men tydeleg

Forskarar skal gjerne forholda seg objektivt til det dei studerer. Men når det kjem til dei massive øydeleggingane verda står ovanfor i dag er det vanskelig å formidle tematikken på ein nøytral måte. Kjent for å vera ein ivrig miljøvernar, gjeld dette òg Hessen.

Uavhengig av dette drøftar han problemstillinga på ein nyansert måte. I argumentasjonen er han sakleg, men tør å vera tydleg. Det er noko som gjer boka så god som den er.

Alt i alt er dette ei bok beståande av mange lag.

I tillegg til å sjå på forsking, kjem Hessen med politiske innslag og går inn i aktuelle debattar. I drøftinga av dette kjem han med råd og forslag til praktisk handling, noko han kanskje kunne gjort meir av.

Ei av dei viktigaste bøkene skrive på lengje

Boka gjer at ein i enda større grad skjønar alvoret i situasjonen me står ovanfor, noko som gjer boka høgst aktuell. På grunnlag av dette vil eg påstå at det er ei av dei viktigaste bøkene skrive på lengje.

Målgruppa er vaksne, og den slår nok best an hjå dei som er engasjert i tematikken frå før. Likevel er det absolutt ei bok dei fleste bør lese!

Biologiprofessor Dag O. Hessen har vore glad i naturen heile livet, noko som vart ein karriere. Foto: Kjetil Skaansar og UiO

Verden på vippepunktet

Forfattar: Dag O. Hessen

Utgitt: 2020

Sjanger: Sakprosa

Forlag: Res Publica