Finland kåra til det lykkelegaste landet i verda
For tredje år på rad er Finland det lykkelegaste landet i verda, ifølgje FNs World Happiness Report. Noreg har falle frå tredje til femteplass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Alle dei nordiske landa får plass i topp sju. Danmark kjem på andre plass føre Sveits, medan Island er på fjerde. Sverige er på sjuande plass.
Dei tjue lykkelegaste landa er framleis dei same i år som i fjor, men det er endringar i plasseringa innanfor topp 20.
Ifølgje rapporten er Afghanistan det minst lykkelege landet i verda. Totalt er 153 land med i rapporten.
FNs rapport er basert på eit gjennomsnitt av spørjeundersøkingar gjennomført mellom 2017 og 2019.
- Ta quizen: Kor mykje kan du om Finland?
Fakta
Dei lykkelegaste landa i verda:
- Finland
- Danmark
- Sveits
- Island
- Noreg
- Nederland
- Sverige
- New Zealand
- Austerrike
- Luxemburg
Dei minst lykkelege landa i verda:
- India
- Malawi
- Jemen
- Botswana
- Tanzania
- Den sentralafrikanske republikk
- Rwanda
- Zimbabwe
- Sør-Sudan
- Afghanistan
Kjelde: World Happiness Report 2020