Heimeskule: Lag di eiga spørjeundersøking om korona

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 22.03.2020 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I denne oppgåva skal du lage di eiga spørjeundersøking for å finne svar på kva du lurer på knytt til folk sine meiningar eller handlingar knytt til korona.

Kompetansemål etter 10. årssteget:

  • formulere spørsmål om forhold i samfunnet, planleggje og gjennomføre ei undersøking og drøfte funn og resultat munnleg og skriftleg

Les først saka: Dette klippet forklarar kvifor du skal halda deg heime

Kva vil du ha svar på?

Skriv ned spørsmål som du kunne tenkja deg å få svar på i ei undersøking om koronakrisa.

Tips: Vil du spørja om meiningane til folk? Eller vil du laga spørsmål om kva dei gjer og har gjort dei siste dagane?

Døme: Trur du at du kjem til å bli smitta av korona? Meiner du styresmaktene gjer nok for å bremsa pandemien?
Døme: Har du handla inn meir matvarer enn normalt på grunn av koronaviruset?

Definér målgruppa

Skriv ned kven du vil senda spørjeundersøkinga til. Kan det vera familien din, klassen eller skulen din? Er du interessert i forskjellar mellom kjønn, alder, bygd og by? Då kan du setja inn alternativ for dette.

Lag spørjeundersøkinga

Google Forms er eit gratis verktøy for å gjennomføra spørjeundersøkingar. Slik gjer du det:

  1. Gå inn på Google Forms, og opprett eit nytt skjema.
  2. Skriv namn på spørjeundersøkinga

3. Skriv namnet på spørsmåla dine, og vel kva for ein type spørsmål dette skal vera. Det vera lurt at enkelte av spørsmåla er fleirval-spørsmål der du kan definera alternativa på førehand. Då er det lettare å analysera resultata etterpå.

4. Prøv å få med nokre bakgrunnsspørsmål, t.d. spør om kjønn, alder og/eller heimstad.

5. Trykk på +-teiknet for å laga nye spørsmål. Trykk der det står «Flerval» for å velja spørsmålstype. Viss du vil ha opne spørsmål: trykk «kortsvarspørsmål» eller «avsnitt».

6. Når du er ferdig med å laga spørsmåla: Trykk på «Send» oppe i høgre hjørne.

7. Finn linken til undersøkinga her:

 

8. Gå inn sjølv på linken på undersøkinga di, og sjå om du synest undersøkinga er slik du ønskjer at den skal fungera. Når du er nøgd med slik den er, så kan du senda spørjeundersøkinga di.

Personvern

Av omsyn til personvernet skal undersøkinga gjennomførast anonymt, slik at respondentane (dei som svarer) ikkje skriv kva dei heiter eller at andre elektroniske spor vert lagt att.

NB! For å gjera svara på undersøkinga anonyme, må du gå inn på innstillingane (tannhjulet opp til høgre) og passa på at undersøkinga ikkje samlar inn epostadresser.

Presentér resultata

Kva er det viktigaste funnet ditt?

Diskutér

Etter at du har gjennomført undersøkinga, kan du kort diskutera resultata. Kva overraskar deg? Kunne du fått andre svar viss du hadde spurt på ein annan måte? Diskutér òg kor representativt utvalet ditt (dei du har spurt) er.

Her har me laga eit døme på ei spørjeundersøking. Svar gjerne anonymt på undersøkinga om du vil!

Har du innspel eller andre forslag – eller har du laga ei spørjeundersøking med spennande resultat? Del dei gjerne i kommentarfeltet eller send ein epost til svein @ framtida.no