I bokhylla: Åsmund Husabø Eikenes kjenner seg mest att i observatørane på utsida

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.03.2020 15:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar og førstelektor ved Universitetet i Oslo Åsmund Husabø Eikenes gav ut si første bok i 2016, då han debuterte med Handboka: alt du vil vite om hendene dine – og litt til

Det vart den første av ei rekkje populærvitskapelege bøker frå forskingsformidlaren. To år seinare kom Sprut: historia om kroppsvæskene våre og i fjor kom barneboka Knokedunk.

Til sommaren kan også britar og amerikanarar lære om blod, sveitte og tårer, for då kjem Sprut på engelsk.

Husabø Eikenes har også teke den skjønnlitterære pennen fatt, og i fjor debuterte han med romanen Håkon, om å vere vaksen og skeiv.

– Vi lever 50-60 år etter vi kjem ut av skapet, påpeika han då til Framtida.no.

Framtida.no har kika litt i bokhylla hans:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

The Sparsholt Affair av Allan Hollinghurst.

Half of a Yellow Sun av Chimamanda Ngozi Adichie.

The Overstory av Richard Powers.

Stigma av Erving Goffman.

Kva bøker les du helst?

Samtidsromanar om folk som strevar med å snakke saman.

Kor les du?

I sofaen, på senga, på t-banen.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Animorphs-serien gjorde stort inntrykk på meg. Tenk å kunne bli eit dyr!

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

John Boyne si bok The Heart’s Invisible Furies. Glitrande kombinasjon av struktur, plot og karakterar!

Kva meiner du gjer ei bok god?

Gode, engasjerande karakterar som eg kan bry meg om, bli glad i og sint på. Boka må ha retning og ei drivande historie. Og så blir eg nokså begeistra når forma på historia demonstrerer at forfattaren veit kva hen driv med.

Dette er bøkene som fekk Åsmund Husabø Eikesnes til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Folk som står på utsida og observerer.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Ocean Vuong og Jake Skeets, to poetar som skriv så eksplosive tekstar at eg må halde meg fast når eg les.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Allan Hollinghurst.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Andreas Koschinski Kvisgaard som Håkon!

Åsmund Husabø Eikenes vil gjerne sjå Andreas Koschinksi Kvisgaard som hovudrolla i ein filmversjon av romanen Håkon. No spelar Kvisgaard i Det norske teatret sine framsyningar av Slåtttekar i himmelen. Foto: Det Norske Teatret / Omslag frå Samlaget.

Åsmund H. Eikenes

Alder: 33 år

Frå: Leikanger i Sogn

Yrke: førstelektor ved Universitetet i Oslo

Kor mykje les du sjølv? Eg les om lag 40 bøker i året