Leiaren i Bergen Venstre vil ha open leiarkamp på landsmøtet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valnemnda i Venstre innstilte torsdag på at Trine Skei Grande skal halde fram som leiar av partiet. Det reagerer leiaren i Bergen Venstre, Ane Breivik, kraftig på.

Ho kritiserer at det er lagt lok på leiardiskusjonen.

– Eg tykkjer prosessen har vore uryddig og uoversiktleg. Store delar av partiet har sagt at vi treng eit leiarskifte. Det har vorte lagt lok på diskusjonen om kva slags leiarskifte vi treng, seier Breivik til NRK.

Oppfordrar Rotevatn

Ane Breivik, 1. nestleiar. Foto: Erika Melhus/Unge Venstre

Breivik er både nyvald leiar i Bergen Venstre og nestleiar i Unge Venstre.

Både ungdomspartiet og lokallaget har vore tydeleg på at dei ønskjer seg Sveinung Rotevatn som ny partileiar. Breivik meiner denne diskusjonen har vorte prøvd parkert med innstillinga som kom torsdag.

– No har vi fått ei innstilling på attval av noverande partileiar utan motkandidatar. Det trur eg mange er skuffa over. Eg skulle ønskje vi kunne hatt motkandidatar å ta stilling til på landsmøtet, seier ho.

Leiar Trine Skei Grande (V) møtte pressa på Venstres hus torsdag kveld.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Elvestuen vurderer

Ho seier ho håpar nokon trer fram og vågar å utfordre Grande, og oppmodar Rotevatn å stille.

Torsdag melde fleire medium at Rotevatn og Abid Raja skal ha peika på Trine Skei Grande etter å ha fått statsrådspostar i januar.

Valnemndsleiar Per A. Thorbjørnsen uttala torsdag at det var avklarande og gjorde arbeidet til nemnda lettare.

Ifølgje TV 2 torsdag har kjelder opplyst til dei at verken Rotevatn eller Raja ønskjer å utfordre Grande i ei kampvotering.

Ola Elvestuen, som vart vraka som nestleiar av nemnda, seier til VG fredag at han vurderer å utfordre Grande i open kamp på landsmøtet.