Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre, meiner det er på tide at Venstre-profilen Sveinung Rotevatn (32) blir statsråd – og at partiet kaprar eit tungt departement.
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo

– Med tanke på fornying i Venstre og for å synleggjere prosjektet vårt er Rotevatn eit veldig godt namn. Han kan tilføre ein del av dei tinga Venstre treng for å løfte seg fram mot stortingsvalet i 2021, seier Hansmark til NTB.

Rotevatn er i dag statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Fleire Venstre-organ har òg foreslått han som ny partileiar.

Regjeringa treng «Rebranding»

Sondre Hansmark er leiar i Unge Venstre. Foto: Unge Venstre

– Dette regjeringsprosjektet treng «rebranding». Det kan det få ved å få inn ein statsråd som ønskjer ein grønare og meir ambisiøs klimapolitikk, tar vare på barn som veks opp i fattigdom og tar vare på folk som flyktar frå krig og nød, seier Hansmark.

Han meiner dessutan partiet må gjere krav på eitt av dei tyngre departementa.

I dag har Venstre ministerpostane kultur, klima og miljø og høgare utdanning.

Med Frps exit frå regjeringa er både finans, samferdsel, olje og energi og justis ledig. Hansmark peikar på at Venstre no som nest største parti i regjeringa, kan gjere krav på finansministeren.

Finans, olje eller kunnskap

– Vi har no ei moglegheit til å ta finans, olje og energi eller heile kunnskap. Vi kan ikkje ende i ein situasjon der Høgre styrer alle dei tunge departementa i regjeringa og har både statsminister, utanriksminister, finansminister og justisminister, seier Hansmark, som også møter i sentralstyret i Venstre.

Han fryktar ikkje tidspunktet for rokeringane i regjeringa skal gjere det vanskeleg for Venstre, der heile eller delar av partileiinga kan bli vraka på landsmøtet i vår.

– Alt skal gå heilt fint. Det er heldigvis slik at vi no må få i alle fall éin ny statsråd. Vi skal vere veldig glad for det, at det styrkjer laget til Venstre.

Les også: Fjorårets store gleder og skuffelsar for ungdomspartia: Frå debattklima til klima

Frå venstre: SU-leiar Anreas Sjalg Unneland, Senterungdom-leiarTorleik Svelle, KrFU-leiar Edel-Marie Haukland, FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud og leiar i Raud Ungdom, Tobias Drevland Lund. Foto: Pressefoto
Oppdatert: tysdag 21. januar 2020 12.27

Kommentarar

ANNONSE