Fire innspel til klimadiskusjonane

Erik Skontorp Hognes, seniorrådgjevar i Asplan Viak AS
– Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget stod først publisert på i Facebook-gruppa «Folkeopprøret mot folkeopprøret mot klimahysteriet», og er omsett og gjengjeve med løyve frå forfattaren.

Klimadebatt er ofte ein malstraum av meiningar og synsing i alle mogelege retningar. Eg veit ikkje kor lett det er å kome gjennom, men deler nokre erfaringar og tanker med dykk. Dei vil forhåpentlegvis roe nokre og provosere like mange.

Eg har jobba med klimarådgjeving heile min yrkeskarriere. Snart 13 år. Den starta med at eg heile tida måtte forsvare kva eg jobba med. Dei siste åra er den største utfordringa å få til å hjelpe alle dei som vil forstå og redusere klimasporet sitt. Så eg kunne ikkje bekymra meg mindre over at ei FB-gruppe klarar å samle nokre hundre tusen som er så redde for endring at dei går heilt i vranglås.

Det er mange år sidan eg møtte nokon med innverknad som ikkje var oppteken av klima

For eg møter kvar einaste dag menneske som faktisk har innverknaden til å innføre endringar og som er genuint opptekne av å gjere ting betre. Dette er avgjerdstakarar med langt meir innverknad på liva våre enn ei Facebook-gruppe.

Det er mange år sidan eg møtte nokon med innverknad som ikkje var oppteken av klima. Eg møter framleis mange som ikkje gjer nok. Langt frå nok. Det kunne eg sagt mykje om. Men ingen som fornektar behovet for endring.

Mine innspel til diskusjonane om kva tiltak som hjelper:

1: Søk kunnskap utanfor Facebook. Facebook må vere ei av dei aller dårlegaste kjeldene til kunnskap som finst. Miljødirektoratet har mykje god kunnskap på sine nettsider. Ta elbiler, til dømes: Dersom du vil vete kva som er status på det – verkeleg vil – så finst det ei rekkje gode analyser frå vitskapelege publikasjonar på det. Dersom du ikkje vil/orkar/kan ta til deg kunnskapen så ikkje finn den opp sjølv. Og ikkje spør på FB.

2: Ta ein kritisk titt på forbruket ditt. Det er mitt og ditt forbruk som driv heile maskineriet og ingenting skjer før du og eg endrar forbruket vårt og kva det er som gjev oss livsglede. Sjå om du kan bytte nko av det som gleder deg i dag med gleder som forureinar mindre. Ikkje la andre fortelje deg kva du skal gjere, men finn din måte å bidra på. Men: Bruk kunnskap. Ikkje random rants frå ein eller annan ukjend på Facebook. Dersom du styrer livet ditt basert på kva andre fortel deg på Facebook, så har du sannsynlegvis store utfordringar med alle aspekt av livet.

3: Ver kritisk til arbeidsgjevaren din, kommunen din og stat og styre. Gjer dei nok for at du skal kunne gjere endringa frå punkt 2? Og tek dei ansvar for å bruke sin innverknad til å ivareta samfunn og arbeidsplassar, og samstunde sikre at vi har ei framtid å jobbe og leve for?

4: Til alle dykk som vi bidra til endring/forbetring: Er Facebook den beste plassen å bruke tid og energi på? Ver litt kritisk til korleis du brukar engasjementet ditt. Framfor å bruke masse tid på å svare ein som «hatar vegetarianarar» så les ei god kokebok, lag ein god vegetarrett og vis venner og familie kor godt det kan vere.

Takk for meg.


Har du noko på hjarte? Send til tips(a)framtida.no.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen