Ny sesong av Ragnarok

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Netflix har gitt grønt lys for ein ny sesong av serien «Ragnarok». Innspelainga startar i august, fortel Bergens Tidende.

Store delar av Adam Prices mytologiske oppvekstdrama «Ragnarok» blei spelt inn i Odda i fjor, med ungdomsskulen, sentrumsområdet og industrien som mykje brukte innspelingsstader.

Sikker på at alle gler seg

Ordførar i nye Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, er svært glad for at Netflix vil satse vidare på serien.

– Eg hadde eit hemmeleg møte med Netflix i 2018 og garanterte at filmproduksjonen ville bli godt tatt imot. Det kunne eg jo ikkje vite – men folk her har verkeleg vore utruleg opne og vennlege. Eg er sikker på at alle gler seg til endå meir «Ragnarok», seier Haug til avisa.

Folk ynskjer guida turar til innspelsingsplassane

Han fortel at det har komme mange meldingar til reiselivet etter at serien hadde premiere.

– Ein del spør etter guida turar til dei ulike innspelingsplassane. Eg har også lese mange av reaksjonane utanlands. Veldig mange kommenterer kor fantastisk fint det er her. Det gler jo, seier Haug.

Dobla budsjett

«Ragnarok 2» har fått ei ramme på 7,8 millionar kroner frå den norske insentivordninga for film.

Det betyr at produsentane har planlagt å bruke over 30 millionar kroner berre på dei norske opptaka. Etter det BT erfarer, er det dobbelt så mykje som sist.

David Stakston & Jonas Strand Gravli spelar to av hovudrollene i Netflix-serien Ragnarok. Foto: Netflix