AUF: – La dette tiåret bli klimaet sitt tiår

Tarjei Øyvindsson Hamre, miljø- og klimaansvarleg, AUF i Vestland.
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei siste par århundra etter den industrielle revolusjonen har vore merkt av eit globalt samfunn som er like avhengige av fossile drivstoff som ein rusmisbrukar er av narkotika.

Me merkar konsekvensane av dette over heile verda, òg her i vesle Noreg. Vêret vårt og årstidene våre har blitt meir uforutsigbare. Fleire har møyst hus og heim i både storm og flaum, og vegane våre blir stadig meir rasfarlege på grunn av aukt snøsmelting.

Lenger sør i verda har det vore rekordmange daudsfall på grunn av rekordhete, tidlegare i år har nesten heile Australia stått i flamme, og kringom verda går fleire og fleire liv tapt på grunn av naturkatastrofar. Økosystem verda rundt er truga med utrydding og øydelegging.

Alt dette på grunn av at me ikkje klarar å riva oss laus frå avhengigheita vår og ta dei grepa som trengst.

Ansvar på politikarane

Storeparten av ansvaret ligg på politikarane. Det er dei som har makta til å snu samfunnet i den retninga me er nøydd å ta.

Regjeringa, spesielt Høgre, seier at dei tek klimakrisa på alvor, men når dei fører ein politikk som aktivt overkøyrer miljø- og klimahensyn so er det tydeleg at dei er meir interesserte i å bruke klimasaka for makta si skuld enn å faktisk ta dei taka som trengst. Dei pratar òg mykje om at marknaden skal løyse klimakrisa, men det er naivt å ha so stor tillit til at næringane som tener på å forureine kjem til å slutte med det av seg sjølve.

MDG, SV, og Raudt har alle teke ei aktiv idealistisk stilling, men eg anar ein smule av den moralske arrogansen som gjennomsyrar delar av klimarøyrsla. Det vert fokusert på tiltak for byfolk i middelklassen som har rikeleg med alternativ til å velje miljø- og klimavenlege forbruksvanar, til den grad at me som bur ute på bygdi og arbeidarane på golvet ofte vert oversette og gitt dei same forventingane som dei i byen. Dei har ikkje teke inn over seg at me ikkje har dei same mogelegheitene eller alternativa.

Arbeidarpartiet vil derimot løyse klimakrisa med faktisk gjennomførbare tiltak. Det er enno betringspotensiale, men med AUF og LO-forbunda på laget so er det ingenting som viser til at Ap sin politikk ikkje kan vinne klimakampen utan å ofre arbeidarane, bygdefolka, eller dei svake i samfunnet.

Må stå saman for å løyse klimakrisa

Viss me skal berge planeten treng me gode politiske vedtak, ikkje nedlatande moralsk overlegenheit eller naiv tillit til at den frie marknaden fiksar alt.

Me treng gode politiske vedtak med eit fokus på eit grønt skifte som ikkje ranar folk for jobbmogelegheiter eller gjer det praktisk umogeleg å bu ute på bygdi.

Klimakrisa er den største utfordringa menneskjeheita nokonsinne har stått overfor, og viss me skal berge oss må me slå hovuda våre saman.

Me treng gode løysingar som gagnar oss alle, og lar oss leve i harmoni med dei me deler kloden med. Me klarar oss ikkje utan dei, og me må derfor alle ta ansvar for å ta vare på dei. 

Det er ingen som har heile løysinga på korleis me skal få dette til. Verken politikarane på Stortinget, bøndene på bygdi, eller arbeidarane på golvet.

Me må tora å snakka med kvarandre, og me må tora å lytta når me blir snakka til. Berre slik kan me vinne denne kampen.

Derfor ber eg alle, frå vanlege arbeidsfolk til politikarar på Stortinget, å gjere 2020-talet til klimaet sitt tiår. 

Vil du sende inn eit meiningsinnlegg? Send til tips(a)framtida.no!